Hopp til innhold

Sør-Korea og USA har blitt einige om å forlenga militærøving

Sør-Korea og USA har blitt einige om å forlenga si felles millitærøving «Vigilant Storm», melder den sørkoreanske nettavisa YTN.

Nord-Korea ser på øvinga som ei førebuing til ein mogleg invasjon. Sør-Korea meiner Nord-Korea fyrte av eit interkontinentalt missil i natt, og deretter tre kortdistansemissil. Oppskytingane kom nokon timer etter at Pyongyang truga med å bruka atomvåpen for å få USA og Sør-Korea til å «betala historiens mest grusomme pris».

Hendinga fekk den japanske statsministaren sitt kontor til å åtvare rundt fem millionar innbyggjarar i dei nordlege områda Miygai. Yamagata og Niigata gjennom telefonar, TV, radio og høgtalarar i det offentlege rom, og vad dei søka ly.

Onsdag fyrte Nord-Korea av minst 23 missil, blant dei eitt som landa i nærleiken av sørkoreansk farvatn. Det sørkoreanske forsvaret svara med å fyra av tre luft-til-bakke-missil.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no