Munnbind i Amsterdam.
Foto: Remko De Waal / AFP

Nederland

  • Ny nedstenging i Nederland

    Den hissige omikron-varianten av koronaviruset bekjempes med ulike våpen i ulike land. I Nederland stenger barer og kinoer kl.17. Amerikanere får gratis hjemmetester. I Tyskland må elever bruke munnbind på skolen, og over nyttår kan det bli vaksineplikt.

  • Grisar skremmer vekk fuglar

    Flyplassen Schiphol i Nederland har leid inn 20 grisar for å hindre kollisjonar mellom fuglar og fly.

    – Berre i fjor vart Schipol ramma av 150 fuglehendingar, seier talskvinna Willemeike Koster til CNN.

    Dyra er på eit området mellom to rullebaner, kor det tidlegare vart dyrka sukkerroer.

    Grisane gjer to jobbar, dei eter opp restane av sukkeravlingane og på same tid jaktar på fuglane. Sjølv om dei ikkje bevega seg raskt nok til å fange dei, fungera grisane som eit levande fugleskremsel, skriv nyheitskanalen.

  • Smitta passasjerar frå Sør-Afrika

    Fredag morgon landa to fly frå Sør-Afrika på den internasjonale flyplassen Schipol i Nederland. På same tid innførte nederlandske myndigheiter flyforbod for alle flygingar frå det sørlege Afrika, grunna den nye varianten omikron som vart oppdaga i Sør-Afrika.

    61 av desse 600 passasjerane er stadfesta smitta av koronaviruset, skriv den nederlandske avisa Algemeen Dagblad. Resten av passasjerane testa negativt. VG omtalte nyheita først.

    Det er førebels ikkje kjent om passasjerane har den nye omikron-varianten, men nederlandske helsemyndigheiter analyserer prøvene for å finne ut av dette.

    Som følgje av flyforbodet måtte passasjerane vente i rundt fire timar på å få gå av flyet. Dette var fordi helsemyndigheitene ville teste passasjerane. Dei som testa positivt er på karantenehotell i nærleiken av flyplassen, skriv den nederlandske avisa.

    Bildet tatt inne i flyet som landa frå Sør-Afrika på den internasjonale flyplassen Schipol i Nederland.
    Foto: AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no