USA skuldar Russland for å brote forbod mot kjemiske våpen
USA skuldar Russland for å ha brote det internasjonale forbodet mot kjemiske våpen i Ukraina, skriv Reuters.
Det amerikanske utanriksdepartementet hevdar russarane har brukt stridsgassen klorprikin, som gjer at du blir kvelt, mot ukrainske soldatar.
– Bruken av slike kjemikaliar er ikkje eit enkelttilfelle, og er truleg drive fram fordi russiske styrkar ønsker å få ukrainske soldatar fram frå styrka stillingar og oppnå ein taktisk fordel på slagmarka, seier dei i ei fråsegn.
Stridsgassen blei brukt av Tyskland mot dei allierte styrkane under første verdskrigen.