Hopp til innhold
Shigeru Ishiba
Foto: NTB

Japan

  • Opposisjonen i Japan med håp om å kaste regjeringa

    I Japan leiter den splitta opposisjonen etter ein felles kandidat, som dei kan støtteopp om. Det for å hindre at Sanae Takaichi blir statsminister, melder NTB.

    Takaichi blei valt til ny leiar i regjeringspartiet LPD, og med det låg ho an til å bi den første kvinnelege satsministeren.

    Ei nasjonalforsamling må godkjenne Takachi før ho kan bli statsminister. Men no håper det største opposisjonspartiet CDP at det opmer moglegheita for eit regjeringsskifte.

    en person som sitter ved et skrivebord
    Foto: Yuichi Yamazaki / AP / NTB
  • Identifisert etter tsunamien i 2011

    I Japan er levningar som blei funne i 2023 blitt identifiserte. Det dreier seg om ei seks år gammal jente som forsvann i tsunami-katastrofen etter det kraftige jordskjelvet i 2011.

    Nær 16.000 menneske omkom, og over 2500 personar er framleis sakna.

    Familien til seksåringen som no er identifisert seier dei er svært glade for å få svar, melder nyheitsbyrået AFP.

  • Regjeringskrise i Japan

    I Japan har partiet Komeito trekt seg frå regjeringa. Denne veka blei Sanae Takaichi valgt til ny leiar i det største partiet, LPD, noko som bana veg for at ho kunne bli den første kvinnelege statsministeren i Japan.

    Men det at Komeito no trekk seg frå regjeringssamarbeidet gjer at det er uvisst kven som skal styra Japan vidare, melder nyheitsbyrået AFP. Dei to partia har samarbeida i 26 år.

  • To skadde av bjørn i matbutikk

    I Japan blei to personar skadde då ein bjørn tok seg inn i ein matbutikk i ein by nord for hovudstaden Tokyo, melder kringkastaren NHK.

    Bjørnen tok seg opp på fiskedisken, velta ein haug med avokado, og skremde kundane ut, fortel vitne.

    Den siste tida har det vore fleire tilfelle der folk har blitt angripne av bjørn i Japan.

    Onsdag denne veka blei ein mann drepen i regionen Iwate. Sidan april har 108 personar blitt angripne, og fem av dei har mista livet.

  • Japan kan få sin første kvinnelige statsminister

    Tidligere minister for økonomisk sikkerhet Sanae Takaichi er valgt til regjeringspartiet LDPs nye leder. Hun kan dermed bli Japans første kvinnelige statsminister.

    Takaichi seiret i partiavstemningen lørdag over landbruksminister Shinjiro Koizumi, som er sønn av en tidligere statsminister. Hun regnes for å være en konservativ nasjonalist, med særlig fokus på Kina.

    Takaichi ventes å overta 15. oktober etter sittende statsminister Shigeru Ishiba siden LDP fortsatt er Japans største parti, selv om partiet ved siste valg mistet sitt rene flertall i nasjonalforsamlingen.

    (NTB)

    en mann og en kvinne som håndhilser
    Foto: Kim Kyung-Hoon / AP / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no