Hopp til innhold

Israel kritiserer Australia-avgjerd

Israelske styresmakter kritiserer Australia si avgjerd om å trekkje tilbake anerkjenninga av Jerusalem som hovudstad, melder AFP.

Statsminister Yair Lapid seier avgjerda er forhasta.

– Vi kan berre håpe at den australske regjeringa handterer andre saker meir seriøst og profesjonelt, seier Lapid.

Den konservative regjeringa anerkjende i 2018 Jerusalem som hovudstad, i strid med FN-vedtak.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no