DnF-strid endar i uravstemming

Etter intern strid skal Den norske Forfatterforeningen (DnF) la medlemmane avgjera om foreininga skal støtta oppropet til Norske Dansekunstnere mot Ytringsfrihetskommisjonen. Fleire kjende forfattarar har vore kritiske til støtten, mellom dei Roy Jacobsen som meldte seg ut i protest.

– Me har mottatt sterke og ulike tilbakemeldingar på støtta me gav til oppropet, så styret har bestemt at me ønsker å forankra denne avgjerda hos medlemmane våre. Det viktigaste er at medlemmane får høve til å sei kva dei meiner. Gjennom avstemminga vil alle stemmer blir høyrde, seier nestleiar Amalie Kasin Lerstang i DnF til NRK. DnF opplyser på nettsidene sine at avstemminga skal gå føre seg i veke 32.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no