Hopp til innhold

Kulturministeren forundra over debatten om ytringsfridom

Kulturminister Abid Raja støttar forfattaropprøret om ytringsfridom: – Det kunne aldri falle meg inn å hevda at nokon som er ueinige med meg ikkje kan delta i ein debatt om ytringsfridom.

Ytringsfrihetskommisjonen 2020

HARDT VÊR: Ytringsfrihetskommisjonen blei sett ned i 2020 for å granska stillinga til ytringsfridommen i Noreg. Dei har vore i hardt vêr etter at dei inviterte Sløseriombudsmannen til eit innspelsmøte for kunstnarar.

Foto: Vidar Ruud / NTB

NRK fortalde søndag at fleire kjende forfattarar stiller seg kritiske til Den norske Forfatterforeningen (DnF), og løftar fram ytringsfridommen.

Årsaka er at DnF saman med 14 andre organisasjonar signerte eit opprop mot Ytringsfrihetskommisjonen for å ha invitert den omstridde Sløseriombudsmannen til eit innspelsmøte for kunstnarar.

Sløseriombudsmannen er blant anna kjend for å kritisera kunst, og å ha meiningar om at skattepengane blir sløst vekk til ulike kunstnarar.

Les meir om bakgrunnen for saka her.

Kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja (V) er glad for at debatten har engasjert så mange aktørar, og at spørsmål om hets og trugslar blir løfta fram.

– Samstundes er eg overraska over at nokre kulturorganisasjonar tar til ordet for at aktørar som er skeptiske til offentleg finansiering av kunst og kultur ikkje skal få ta del i ein debatt om ytringsfridom og ytringskultur, seier han til NRK.

– Såg det som ei solidaritetserklæring

Oppropet blei starta av forbundet Norske Dansekunstnere. Dei hevdar at fleire av deira medlemmar har opplevd trakassering og hets på grunn av Sløseriombudsmannen si Facebookside, noko blant andre Nettavisen tidlegare har omtalt.

Fleire av forfattarane som no kritiserer si eiga foreining (DnF) for å støtta oppropet, meiner blant anna at det bidrar til scenenekt, sensur og avgrensing av ytringsfridommen.

LØFTER YTRINGSFRIHETEN: Lars Saabye Christensen, Anne Holt og Anders Bortne er tre av flere forfattere som tar til ordet for at ytringsfriheten skal tåles, uansett.

YTRINGSFRIDOM: Lars Saabye Christensen, Anne Holt og Anders Bortne er tre av fleire forfattarar som tar til ordet for at ytringsfridomen skal tolast, uansett.

Foto: Alem Zebic/Ole Gunnar Onsøien / NRK/NTB/Privat

Nestleiar Amalie Kasin Lerstang i DnF forsvarer valet om å signera oppropet i måndagens Dagsnytt 18-sending.

– Det er viktig å skilja mellom det høyringsinnspelet dansekunstnarane sjølv skreiv under på, og det innspelet som me og 14 andre kunstorganisasjonar har skrive under på. Sånn som me las brevet, såg me det som ei solidaritetserklæring til kunstnarar som har opplevd trugslar. Intensjonen vår var å stilla oss bak det, seier Lerstang.

Ho fortel at dei tar det alvorleg at fleire av medlemmane deira stiller seg kritiske.

– Me har på ingen måte ønska å stilla oss bak scenenekt eller boikott. Dei som er usikre no kan eg roa med at forfattarforeininga er ei foreining som jobbar for ytringsfridommen og at ytringsrommet skal vera mangfaldig, legg Lerstang til.

Amalie Kasin Lerstang

SOLIDARITET: Nestleiar Amalie Kasin Lerstang i DnF seier intensjonen med å signera oppropet berre var å stilla seg solidariske til kunstnarar som opplever trugslar.

Foto: Hilde Bjørnskau / NRK

Paradoksalt

– Debatten me har hatt dei siste vekene både inspirerer og forundrar meg, seier Raja.

Han var med på å setta ned Ytringsfridomskommisjonen i 2020. Kommisjonen består av 18 medlemmar, og har som oppgåve å undersøka ytringsfridommen si stilling i Noreg.

– Eg som ansvarleg statsråd har ikkje tenkt til å detaljstyra korleis dei legg opp arbeidet sitt. Det ville ha svekka ytringsfridommen, heller enn styrka han.

Raja er likevel klar på at det blir eit paradoks å stenga enkelte aktørar ute frå ein debatt om ytringsfridom.

– Eg er sjølv blant dei som meiner at kunst og kultur må ha gode, offentlege støtteordningar, men det kunne aldri falle meg inn å hevda at nokon som er ueinige med meg i det ikkje kan ta del i ein debatt om ytringsfridom. Som politikar må eg forsvara kritikk og standpunkta mine heile tida. Det gjeld òg for andre samfunnsaktørar med makt.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober