9. desember 1873 gjorde sterk snøsmelting og flaum store skadar med ras og tap av tilsaman 21 menneskeliv fleire stader i indre Sogn.
Hardast råka vart ein familie ved Årdalsfjorden, der åtte menneske vart drepne. Før mildværet med sju varmegrader sette inn, hadde det falle store snømengder. I fonnløpa kring Årdalsfjorden dundra veldige snømengder ned i fjorden, og rekved og torv gjorde fjorden mest uframkomeleg.
Heile familien utrydda
Om morgonen den 9. desember oppdaga folk at det også låg knust bygningsvirke og møblar og flaut mellom trestokkane i fjorden: Ein heil familie på sju menneske frå husmannsplassen Årøyni aust for Naddvik vart denne natta sopte bort saman med gardstunet. Husbonden og to døtre vart gravne fram frå tuftene, medan kona og dei tre yngste borna ikkje vart funne att.
Faren omkom i anna skred
Også på husmannsplassen Langrovi under garden Seim i Seimsdalen på andre sida av fjorden vart husa rivne bort av skred, og ein 88 år gamal mann – far til den omkomne husmannen på Årøyna - vart drepen. Også i 1652 hadde plassen Langrovi vorte rasert av eit jordskred.
Uveret den 9. desember kravde elles sju familiemedlemer i Borlaugshagen i Borgund, fire menneskeliv i Øvstedalen i Sogndal kommune og to menneskeliv på ein husmannsplass i Kinsedal i Luster.
- Les meir om desse ulukkene under
Ulukker i Lærdal,
Ulukker i Luster og
Ulukker i Sogndal.