Omtalane er ordna etter fødselsår.
Førre side:
·
Kjende personar i Luster fødde år 1800-1850
(1851–1931) frå Talle. Bonde og hestedommar
(1852-1928) frå Fuhr i Luster. Bonde, bankdirektør og Høgre-politikar.
(1852-1938) frå Nes. Bonde og Venstre-politikar.
|
Kristen Bremer. |
Kristen Bremer
(1853-1937) frå Hafslo. Lærar og historikar. Arbeidde som lærar i Fortun og Lærdal før han vart styrar for ein fylkesskule i Austfold og seinare styrar ved Borregård skule i Sarpsborg. Frå 1892 til 1921 var han lærar i Bergen. Historieboka "Hafslo ikring år 1860" vart gjeven ut etter at han var død.
(1853-) frå Luster. Lærar, Frisinnede Venstre-politikar, målmann og redaktør.
(1853-1928) frå Fortun. Bonde, fjellførar og hotelleigar.
(1855-1903) frå Vigdal i Luster. Lærar, friluftsmann, bygdedokter og kulturminnesamlar.
Frederik Balthazar Fraas Sjøtun
(1856-1924) frå Solvorn. Bonde og Høgre-politikar. Tok over garden Sjøtun i 1876 og dreiv den til 1910. Var kommunestyremedlem det meste av tida mellom 1884 og 1913, og var også direktør i Hafslo Sparebank. Stortingsrepresentant 1903-1906.
(1859-1948) frå Bergen, busett i oppveksten på Ornes, der han ætta ifrå. Lærar, Venstre-politikar og historikar.
(1863-1953) frå Hafslo. Misjonær.
(1861-1922) frå Luster, busett i Oslo. Offiser, eventyrar og skipionér.
(1869-1950) frå Skjolden. Industrigründer og politikar.
Johan Rumohr Døsen
(1869-1909) frå Dale. Fotograf. Arbeidde på landhandelen til faren Hans Rue Olsen Døsen frå sist på 1890-talet. Han var lidenskapeleg oppteken av fotografi, og har etterlate seg ei stor fotosamling som på ein unik måte dokumenterer folkelivet i Luster kring 1900. Samlinga vart i 1998 gjeven til
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.
(1871-1947) frå Hafslo. Bonde, organisasjonsmann og forfattar.
Hans Hansson Urdahl
(1871-1934) frå Luster. Bonde og Bondeparti-politikar. Vararepresentant til Stortinget 1828-1930.
Meta Christine Elisabeth Sjøstrøm
(1872–1944) frå Luster, busett i Laksevåg. Husmor. Omkom under eit bombeåtak mot den tyske ubåthamna i Laksevåg den 4. oktober 1944.
(1878-1968) frå Sørheim, busett i Sogndal. Handelsmann og industribyggjar, og ættefar til dei som seinare bygde opp det store konserveskonsernet
Lerum i Sogndal.
(1879-1935) frå Hafslo, busett på Røneid og i Oslo. Grosserar, skipsreiar og fossekjøpar.
(1883-1954) frå Hafslo, busett i Oslo. Offiser, kartograf, forfattar og organisasjonsmann.
Sigurd Martin Fjøsne
(1887-1974) frå Luster, busett i Gaupne. Lærar, organisasjonsmann og forfattar. Tok eksamen ved Stord lærarskule i 1911 og vart lærar i Luster frå same år. Lærar i Folldal 1914, Landvik frå 1916, og frå 1918 lærar i Luster. Han var leiar i Sogn ungdomslag i 10 år og var ein aktiv målreisingsmann. Under 2. verdskrig vart Fjøsne arrestert i 1942 og sat i lang tid som fange på Grini.
Ivar Sterri
(1889-1972) frå Hafslo. Industriarbeidar og Arbeidarparti-politikar, busett i Øvre Årdal.
P. Jakobsen
(fødselsår uvisst) busett på Hafslo. Anleggsarbeidar og kommunist- politikar. I 1928 var P. Jakaobsen den eine av berre to personar som var førde opp på den første stortingsvallista som Kommunistane stilte i Sogn og Fjordane. Det var
Rognald Andersson Eikås som var toppkandidaten på lista, som berre fekk 338 røyster.
(1889-1951) frå Austerrike, busett m.a. i hytta si i Skjolden i fleire periodar. Verdskjend filosof, og rekna som ein av dei fremste filosofane i den 20. hundreåret.
(1893-1993) frå Solvorn. Hotellvertinne, organisasjonskvinne og Venstre-politikar.
Sigurd Bertin Askeland
(1897–1942) frå Bergen, busett i Luster. Stuert og krigsseglar. Var stuert på M/T ”Koll” som vart torpedert på veg frå Halifax til England den 6. april 1942. Overlevande gjekk i tre livbåtar, men Askeland fraus i hel den 14. april 1942 og vart senka i havet.
(1898-1969) frå Jostedalen. Bonde og breførar.
(1899-1972) frå Jostedalen. Lærar, målreisingsmann og politikar.