·
Handel og gjestgjevarar på Kvamsøy
·
Handel og gjestgjevarar på Tjugum og Holmen
· daglegvarebutikkar
· hotell · pensjonat · kaféar · suvenirbutikkar · museum m.m.
ENKELTOMTALER:
Balestrand Sparebank
grunnlagt 1847 som ein av dei første bankane i fylket, under namnet Tjugums Sparebank. Den heldt til på prestegarden på Lunde fram til kring 1910, då den flytta til eit hus i Holmen. I 1920 kjøpe sparebanken
Hotell Balestrand, der banken heldt hus til den bygde nytt bygg i 1967. Banken vart i 1988 ein del av
Sparebanken Sogn og Fjordane.
Balestrand Branntrygdelag
vart skipa i 1891.
Sogns Jægte-Assuranceforening
vart skipa i 1897 etter opptak av Frik Ellingson Kvamme (f. 1863) frå Kvamsøy. Laget trygda første året i alt 23 jekter, men voks til 125 trygdetakarar kring 1910. Men motoriseringa av frakteflåten gjorde at laget vart avvikla i 1915.
Utviklinga av industri- og handelsverksemda til Erling Nesse A/S i Nessane er kan hende ei av dei mest spesielle i heile landet.
Urmakar
Arne Thue bygde urmakarforretning ved kaia i Holmen i 1913. Sonen Peter Thue tok over urmakarbutikken i 1953. Då handelshuset Holmatunet vart bygd i 1988, vart den særmerkte, vesle urmarkarbutikken flytta til ny tomt ved sida av
Cooper-huset.
|
"Majorstuen" i Balestrand. (Foto: A. Nybø, NRK) |
Balestrand vassverk
vart bygd i 1914 etter opptak frå bergensaren Alfred Martens. (Han var lege og offiser, og bygde Villa "Majorstuen" i 1913 - sjå bilete).
- om den mest kjende båten frå båtbyggeriet på Torsnes i 1916.
Carl Tietz starta ca. 1919 som fotograf i Balestrand. Han kom først til Balestrand som hoff-fotograf for keisar Wilhelm II, og bygde seg hus der i 1905. Sonen tok over i 1934.
Frisør
Gudrun Handal starta frisørsalong i Balestrand i 1935, og frå 1939 og fram til 1942 dreiv ho også salong i Leikanger. Handal hadde 3 tilsette, og hadde mykje å gjere i turistsesongen. Salongen var ein av dei første i fylket som kjøpte inn "høgfjellssol". Det var like etter 2. verdskrig.
Ese-Bygg
Hans Grøneng starta på 1950-talet trelasthandel og byggjevareforretning i Esefjorden. Seinare overtok Ole-Bjørn Ese forretninga under namnet Ese-Bygg.
Bensinstasjon i Holmen
Bjørn Geithus starta bensinstasjon (Esso) i Holmen i 1965, og bygde vaskehall i 1968. I 1976 bygde han også utleigehytter i Habn.
I tillegg til forretningar har m.a. tannklinikken, likningskontoret, trygdekontoret og div. kommunale kontor og turistkontoret tilhald i Holmatunet i 2002.
frå 1988 - sjå Balestrand Sparebank øvst på sida.