SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Balestrand:

Hotell Balestrand

Hotell Balestrand tidleg på 1900-talet. (Foto © Fylkesarkivet)
Hotell Balestrand tidleg på 1900-talet. (Foto © Fylkesarkivet)
Det staselege bygget som ein gong vart bygd som Hotell Balestrand, må vere eit av dei mest mangslungne hus i Sogn og Fjordane. Gjennom tida har bygget husa utruleg mange aktivitetar.

Publisert 23.05.2002 09:28. Oppdatert 16.07.2002 12:28.
Hotellet vart bygd i 1892 av Nils Johannesson Rendedal (1846-1934) frå Vetlefjorden. Han hadde kjøpt den gamle handelsstaden i Holmavollen i 1889. Dette var ein av dei mest sentrale eigedomane i Balholmen. Tre år seinare vart det flotte hotellet i sveitsarstil med tre etasjar opna. Rendedal fekk avtale med det engelske reisebyrået Thomas Cook, som forsynte hotellet med gjestar i sommarsesongen. I 1913 bygde Rendedal eit anneks til hotellet lengre vest. Hotellet fekk elektrisk lys i 1914. Dette vart seinare ein del av Balestrand Pensjonat (sjå "Reiselivsverksemder i Balestrand").
Hotell Balestrand i 1910. (Foto © Fylkesarkivet)

Bank, kommunehus og vassdragskontor

Nils og Synneva Rendedal selde i 1920 til Balestrand Sparebank, som nytta bygget som bankbygg, kommunehus, og som kontorstad for fylket sitt første vassdragskontor. Stilling som vassdragsingeniør vart oppretta i 1917 (sjå Aksel Mollø Christensen), og vassdragskontoret heldt til i bygget til 1927.

Brusfabrikk, tannlege og frisør

I kjellaren dreiv Markus Tuftedal og seinare broren Per ein brusfabrikk i kring 10 år frå tidleg på 1920-talet.
Frå 1920 til kring 1960 heldt rikstelefonstasjonen til i bygget. På 1920-talet var det også tannlegekontor i huset.
På 1920-talet starta Lars Grinde frå Leikanger slakteri i sjøbua som høyrde til, og butikk i huset på land. Han dreiv fram til 1940.
Seinare har dei og vore frisørsalongar i huset, som etterkvart vart kalla "Gamlebanken" på folkemunne.
I 1924 flytta Anna Sværen og Johanna Gjerde f. Kvalheim kafeen "Kaffistova" frå meieriet til "Gamlebanken". Her dreiv dei til 1942. Desse lokala vart seinare nytta til lensmannskontor og fargehandel.
Frå 1941 til 1958 dreiv Anna og Ivar Bø Bø Pensjonat og kafe i bygget.
I 1940-åra heldt Sygna Gymnas til i bygget.
Kommunen nytta det tidlegare hotellet fram til nytt rådhus stod klart på slutten av 1960-talet. Riving og ombygging i 1930 og 1958 endra sterkt på utsjånaden til bygget.

MEIR OM BALESTRAND 
Balestrand kommune

 
Aviser og media i Balestrand
Historia i Balestrand
Industri og næring i Balestrand
Kjende personar i Balestrand
Kommunehistoria i Balestrand
Krigshistoria i Balestrand
Kyrkjer i Balestrand
Samferdsle i Balestrand
Skular i Balestrand
Verd å sjå i Balestrand

 
Lyd frå Balestrand
Video frå Balestrand
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no