SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Balestrand:

Handel og gjestgjevarar på Tjugum og Holmen

Gamalt måleri frå Tjugum i Balestrand.
Gamalt måleri frå Tjugum i Balestrand.
På 1700-talet kom det også ein gjestgjevarstad i Holmen (Balholm) i Balestrand. I 1752 fekk bergensaren Nicolai Christian Gierløw kremmar- og gjestgjevarløyve i Holmen, samstundes som gjestgiveriet på Tjugum vart lagt ned.

Publisert 24.05.2002 13:29. Oppdatert 15.01.2004 15:47.
Gierløw var i 1743 gift med Karen Jensdotter Holm, som var enkje etter kremmar Nils Erikson Falck i Feios.
Kring 1770 vart Gierløw utnemnd til lensmann, og overlet då handelen i Holmen til stesonen Gjert Nilsson Falck. Han dreiv i Holmen til 1803, då svigersonen Jon Gjerde overtok. Han valde å verte gardbrukar og selde til bergensaren Johan Nicolai Thee i 1811, som let sonen Gabriel Nicolay Thee drive forretninga i Holmen.

Konkurs og auksjon

Heller ikkje Thee-folket vart verande lenge, for i 1820 vart handelsstaden og gjestgiveriet seld til den pensjonerte offiseren Hans Peter Grødem Rasmussen frå Bergen. Forretninga gjekk dårleg, og i 1829 skifta handelen i Holmen igjen eigar - denne gongen til Nils Olsen Aamodt, som dreiv fram til 1849. Då gjekk han konkurs, og Holmen vart seld på auksjon til bergensaren Jan Christoffer Garmann, som dreiv til 1868. Då var det Johannes Danielsen (ca. 1832-1901) som tok over. Han hadde tidlegare drive handel på Lærdalsøyri.
Han tilsette ein sambygding frå Lærdal, Ole Andersen Kvigne som butikkbetjent, som i 1877 kjøpte eigedomen og handelen av Danielsen - resten av denne historia er under Kvikne's hotell.

Kunstnarane og Balestrand

Alt i 1819 kom dei første kunstnarane til Balestrand. Dei budde då i det vesle gjestgiveriet i Holmen.

Holmen var det kremmar og gjestgjevar også på 1700-talet. (Foto: NRK)


MEIR OM BALESTRAND 
Balestrand kommune

 
Aviser og media i Balestrand
Historia i Balestrand
Industri og næring i Balestrand
Kjende personar i Balestrand
Kommunehistoria i Balestrand
Krigshistoria i Balestrand
Kyrkjer i Balestrand
Samferdsle i Balestrand
Skular i Balestrand
Verd å sjå i Balestrand

 
Lyd frå Balestrand
Video frå Balestrand
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no