|
Klesproduksjon for Ricco Vero. (Alle foto: Asle Veien, NRK) |
Kvamme & Sunde A/S
i Olden vart grunnlagt 1946 av Einar Kvamme og Johannes Sunde. Den første tida dreiv dei manufakturhandel og konfeksjonsfabrikk, med leigesaum for m.a. Kløverhuset, Sundt og Hagbart Schøtt, og var alt tidleg på 1950-talet oppe i 20 tilsette.
Sunde Konfeksjon A/S
|
Fasaden til Sunde Konfeksjon. |
I 1952 skilde dei to kompanjongane lag. Johannes Sunde (1917–1975) starta Sunde Konfeksjon A/S, som etterkvart vart ei av dei største konfeksjonsverksemdene i landet. I 1967 bygde han stor spesialfabrikk for bukseproduksjon ved utløpet av Oldenelva.
Fabrikken vart utvida i 1972 og 1976, og ei tid hadde Sunde Konfeksjon ei stor avdeling på Sandane – ei tid også på Byrkjelo. På det meste sysselsette Sunde Konfeksjon 120 personar - 70 av dei ved hovudanlegget i Olden.
I 1989 gjekk verksemda konkurs, men drifta vart berga m.a. med hjelp frå Frislid Konfeksjonsfabrikk (sjå "
Fabrikkar og verkstader i Eid"). Sidan har Margunn Sunde, dotter til Johannes, stått for leiinga av verksemda. Frå 1990 har all bukseproduksjon gått føre seg i utlandet, for det meste Polen.
|
Finn Einar Kvamme i 1988. |
Kvamme Konfeksjon
Einar Kvamme (1909–1987) starta Kvamme Konfeksjon i 1952, og flytta inn i nybygg i 1955. Kvamme hadde i 1932 gått på skreddarskule i Volda. Dei første åra dreiv verksemda leigesaum til andre klesfirma, men frå 1962 satsa Kvamme på produksjon av eigne produkt. Firmaet spesialiserte seg på bukser, slik som Sunde gjorde. I 1977 vart Kvamme Konfeksjon aksjeselskap i samband med at sonen Jan Kvamme overtok som dgaleg leiar.
Seinare overtok sonen Jan Kvamme som dagleg leiar fram til 1989, då sonesonen Finn Einar Kvamme (f. 1965) overtok leiinga av verksemda.
Ricco Vero
Finn Einar kom med i verksemda i 1986, og same året vart selskapet Ricco Vero AS skipa. I dette selskapet satsa på ein ungdommeleg klesstil med eigen design.
Ricco Vero hadde leigesaum av produkta sine hjå "gamleselskapet" Kvamme Konfeksjon, men heilt fram til 1988 vart det også produsert bukser under Kvammes Konfeksjon sitt eige varemerke. Varemerket Ricco Vero kom etter kvart til å omfatte alle slags herreklær og sko og frå 2002 også ein kvinnekolleksjon med tilhøyrande butikkar.
Sidan 1991 har mykje av Ricco Vero sin produksjon gått føre seg i utlandet; først Polen, og seinare Litauen, Tsjekkia, Portugal (sko), Slovakia og Kina. I Olden arbeider det i år 2003 28 personar. Årsomsetninga i 2002 låg på 56 millionar kroner.
|
I 2001 arbeidde 34 personar for Ricco Vero i Olden. |