Apotek
vart skipa i Florø 1889. Men alt i 1874 hadde ordførar
Livius Smitt reist kravet om apotek i byen. Sjå elles eigen artikkel under Næring:
Florø Apotek.
Solstrand Helseheim
I 1923 bygde naturmedisinaren
Hans Edvard Andersen Solstrand Helseheim på Krokane aust for byen. Han hadde lært naturmedisin ved Furuly Helseheim på Stord, og dreiv behandling med kurbad, varmebehandling og diett. Helseheimen dreiv han fram på 1950-talet. Helseheimen med sine karakteristiske to fløyar låg like ved riksvegen på Krokane, og vart riven sist på 1980-talet.
Vanføreheimen Vestbris
Vanføreheimen Vestbris i Havreneset vart reist i 1959 etter initiativ frå
Annanias Batalden. Heimen tok imot handikappa frå heile fylket og gav dei eit opplærings- og aktivitetstilbod. Batalden gav ei 30 dekar stor tomt av eigen gard til heimen. Vestbris var i bruk fram til 1983, siste åra som alders- og sjukeheim.
Flora Sjukeheim
i Havikbotnen vart bygd i 1984.
Sunnfjord Produkt A/S
er ei verna verksemd som vart skipa i 1979. Opptakten gjorde Sunnfjord Vanførelag i 1973, Verksemda har kring 50 personar i arbeid (sjå "
Industri og næring i Flora").
Helsehuset
i Florø sentrum vart bygd av Florø Sanitetsforening i 1959, og var det første av dette slaget i fylket. Huset romma m.a. trygdekasse og barnekontrollen.
Solbakken arbeids- og sjukeheim - seinare asylmottak.
Hilmar Reksten og eldresenteret
Den omstridde bergenske skipsreiaren Hilmar Reksten ætta frå Reksta i Flora. På 1970-talet skipa han Hilmar Rekstens Almennyttige Fond som m.a. gav 1,5 millionar kroner og eit like stort rentefritt lån til bygging av Flora Alderssenter i Florø sentrum. Bygningen er reist på tomta til det tidlegare fiskarsjukehuset som seinare vart lokale for fiskarfagskulen.
Sunnfjord Medisinske Senter
opna i Florø i 2001, og er det første store privatdrivne senteret i Sogn og Fjordane for legetenester og andre helsetilbod.
SE OGSÅ
Siste saker: