SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Flora:

Ankerløkken Verft

Sjøsetjing av
Sjøsetjing av "Solskjær" frå Ankerløkken Verft i 1953. Båten var eigd av Sjong-rederiet i Måløy. (Foto © Fylkesarkivet)
Ankerløkken-eventyret starta i Florø i 1949 og enda med hjørnesteinsbedrifter i både Flora og Førde.

Publisert 04.02.2002 10:56. Oppdatert 27.04.2007 15:07.

Snøplogar først

Ole E. Aaserud frå Hamar er utan samanlikning den største industribyggjaren i Sogn og Fjordane. I 1949 etablerte han seg med ein liten mekanisk verkstad i Florø, og i løpet av dei neste 30 åra bygde han opp to store skipverft som vart bærebjelkar for veksten både i Florø og Førde. På det meste hadde dei to skipsverfta over 1000 tilsette, og skapte stor aktivitet m.a. med underleveransar frå andre verksemder i distriktet.
Ankerløkken-namnet kom frå ein stad på Hamar der far til Ole Aaserud, Peder, i 1927 bygde smie og reparasjonsverkstad. Ole Aaserud tok over like ettter 2. verdskrig og fekk m.a. kundar på Vestlandet for vegskraper og snøplogar som han produserte. Det var desse produkta han først produserte då han etablerte seg i Florø i 1949 på ei 27 da. stor tomt som kommunen stilte gratis til rådvelde.
Ankerløkken Verft på 1950-talet

Frå plogar til skip

Sildeeventyret gjorde at Aaserud tidleg la om produksjonen til skipsbygging og skipsreparasjonar. Første skip frå beddingen var fiskebåten "Hoddevik" i 1952. Fiskefarty var spesialiteten dei første 20 åra, og verftet fekk kundar så langt unna som i Kuwait. I 1968 vart det bygd ny bedding i Gaddevågen i Florø, og i 1971 kom det store skipsverftet på Øyrane i Førde; Ankerløkken Verft Førde.

Frå suksess til ruin

Ankerløkken hadde på 1970-talet stor suksess med ein spesiell type tankskip. Desse var så store at dei vart bygde i to delar: Framparten i Førde, og bakparten i Florø, som etter sjøsetting vart sveisa saman. Medan andre verft sleit etter oljekrisa midt på 1970-talet, sat Ankerløkken med fulle ordrebøker. Det kom difor som eit sjokk i Sunnfjord då det i 1979 vart kjent at Ankerløkken var i alvorlege økonomiske vanskar. Ole Aaserud vart regelrett skyssa på dør, og tidlegare general Gunnar Giljarhus vart engasjert som "ryddegut". Etter fleire statlege redningspakkar og iherdige forsøk på å kome inn på vedlikehaldsmarknaden for oljeriggar, gjekk Ankerløkken-konsernet konkurs i 1985.

Konkurs-gribbar og redningsmenn

Etter konkursen gjekk Sunnfjord-verfta inn i ei uroleg tid med fleire eigarskifte. Brørne Tore og Bjørn Kjos frå Oslo var ei tid inne og freista å ”slakte” konsernet, men mislukkast. Det stabiliserte seg då eit ingeniørselskap med utgangspunkt i
Bismo i Gudbrandsdalen kom inn som eigarar. Denne gruppa engasjerte seg først og fremst i Florø. Det tidlegare verftet vart døypt om til Florø Industripark. Der vart det drive ulik produksjon til oljeindustrien, men i langt mindre omfang enn i stordomstida på 1970-talet. I 1989 kjøpte verftseigar John Kleven frå Ulsteinvik dei to skipsverfta i Sunnfjord. Han hadde nokre år tidlegare kjøpt seg inn i det konkursråka Løland Verft i Leirvik. Etter kort tid selde Kleven verfta til Kværner-konsernet i 1991, som samordna dei to Sunnfjord-verfta under leiinga i Florø. Til no hadde dei to verfta vore to sjølvstendige selskap. No vart Førde-verftet heitande Kværner Florø - avdeling Førde.

Kværner inn - og ut

Etter ein sterk vekstperiode kom Kværner-konsernet i store økonomiske vanskar på slutten av 1990-talet. Konsernsjef Erik Tønseth vart kasta, og Kjell Almskog tok over som ”ryddegut”. Han selde unna mange skipsverft i 1999, mellom desse verfta i Florø og Førde. Kjøpar var på nytt Kleven-gruppa i Ulsteinvik. I 2000 hadde dei to verfta over 500 tilsette.

I 1996 vart ei ny overbygd tørrdokk teken i bruk i Florø, og den gamle beddingen mot den trange Gaddevågen vart lagt ned. Overbygget på tørrdokka har vorte eit landemerke i Florø.

Masseoppseiingar - så nye oppdrag

Sviktande ordretilgang førde i 2003 til masseoppseiingar i Florø og nedleggjing av produksjonen ved anlegget i Førde. Ei investorgruppe i Førde tok over bedding og bygningar med tanke på utnytting til andre føremål. Men marknaden betra seg i 2005, og Kleven-verfta sikra seg byggjeoppdrag på fleire kjemikalietankskip til ein verdi av 1,7 milliardar kroner. Dette førde til ny aktivitet både i Florø og Førde, der Kleven leigde skipsverftet frå investorgruppa for å nytte det til delproduksjon av skipa.
I 2005 hadde Kleven Florø ei omsetning på 350 millionar kroner.

Røkke tek over

I juni 2006 var det klart for eit nytt eigarskifte for verfta i Florø og Førde: Då overtok Akers Yards med hovudaksjonær Kjell Inge Røkke dei to selskapa Kleven Florø og Kleven Design for 60 millionar kroner.


MEIR OM FLORA 
Flora kommune

 
Aviser og media i Flora
Historia i Flora
Industri og næring i Flora
Kjende personar i Flora
Kommunehistoria i Flora
Krigshistoria i Flora
Kyrkjer i Flora
Samferdsle i Flora
Skular i Flora
Verd å sjå i Flora

 
Lyd frå Flora
Video frå Flora
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no