Koronasmitten stig igjen i Noreg
Det siste døgnet er det meldt om 657 nye koronatilfelle her i landet. Det er 258 fleire enn for ei veke sidan. Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 447 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 421, så smittetrenden er stigande.
Onsdag var 118 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det er 17 fleire enn dagen før.
Hastemøte om Nord-Korea i FN i natt
FNs tryggingsråd kom ikkje med ei felles fråsegn etter eit hastemøte om den nyaste rakettesten til Nord-Korea, men fleire medlemsland fordømmer Nord-Korea etter undervassoppskytinga av eit missil tysdag.
– Noreg fordømmer Nord-Koreas siste rakettoppskyting, uttaler Noregs FN-delegasjon, som meiner Nord-Koreas kjernefysiske og rakettrelaterte aktivitetar utgjør ein trussel mot internasjonal fred og tryggleik.
Kulturmekling utan semje
Meklinga mellom partane i kulturstreiken stranda seint onsdag kveld. Partane i streiken som omfattar nær 900 kulturtilsette, vart ikkje samde i meklinga hos Riksmeklaren. Usemja går på pensjonsordninga.
Måndag blir ytterlegare 200 kulturarbeidarar tekne ut i streik, slik at i alt 1100 tilsette ved 15 teater er i streik. Det set mellom anna juleforestillingar i fare for å bli avlyste.
Riksmeklar Mats Ruland seier til NRK at det ikkje var mogleg å komme fram til ei løysing som både LO og Spekter kunne akseptere.
Foto: NRK