Bystyret i Oslo avlyser fysisk møte

Forretningsutvalet i Oslos bystyre har måndag bestemt at behandlinga av Oslo-budsjettet for 2022 vil skje i eit digitalt møte.

Det er smittesituasjonen i Oslo som gjer at bystyremøtet onsdag, der budsjettet for neste år skal behandlast, blir digitalt. Det skriv Vårt Oslo.

Truleg får berre gruppeleiarane i bystyret opphalde seg fysisk i Rådhuset. Resten av dei 59 bystyremedlemmene vil sitje heime eller på eige kontor, og votering, innlegg og spørsmål skjer digitalt.

(NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no