BBC beklagar Diana-intervju

BBC braut sitt eige etiske regelverk då dei overtalte prinsesse Diana til å la seg intervjue i 1995. Journalisten som gjorde intervjuet, Martin Bashir, gjorde seg også skuldig i bedragersk framferd, konkluderer ei ekstern gransking.

I intervjuet kom ho med avsløringar om ekteskapet sitt med prins Charles og livet i den britiske kongefamilien.

Ho vedgjekk blant anna at ho hadde hatt ei affære og at ho meinte Charles kanskje ikkje var skikka til å bli konge.

– BBC kan ikkje skru tilbake klokka etter eit kvart århundre, vi kan berre gi ei full orsaking utan atterhald. Det gjer BBC i dag, seier BBC-direktør Tim Davie til Reuters.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no