Siste nytt – NRK

Hopp til innhold
  • Kong Charles tilbake på jobb tysdag

    Kong Charles av Storbritannia er tilbake på jobb tysdag for fyrste gong sidan han fortalde at han har kreft. Det skriv Sky News.

    I februar annonserte kongen at han har kreft, og har i ettertid fått mykje skryt for openheita si.

    Det fyrste oppdraget hans er å besøka eit behandlingssenter for kreftpasientar.

    Det britiske kongehuset har tidlegare sagt at legane til kongen er nøgde med framgangen hans, men at programmet hans skal verte tilpassa så det ikkje kjem i veg for helsa hans.

    Kong Charles
    Foto: Adrian Dennis / AFP
  • Domstol skal avgjera i sak om folkemord-skuldingar mot Tyskland

    Tysdag skal Den internasjonale domstolen (ICJ) komma med si avgjerd i ei sak kor Nicaragua har skulda Tyskland for medverking til folkemord i Gaza.

    Det skriv domstolen sjølv på X/Twitter.

    Nicaragua meiner Tyskland si våpenhjelp til Israel i samband med krigen mot Gaza bryt med folkemordkonvensjonen til FN frå 1948

    Nicaragua valde å ikkje ta Israel sin største støttespelar USA til retten, fordi dei ikkje anerkjenner domstolen sin myndigheit i saka.

    Tyskland avviser skuldingane.

    Avgjerda er venta å komma klokka 15 norsk tid.

  • Suspenderer studentar etter Palestina-demonstrasjonar

    Universitetet Columbia i New York har byrja å suspendera demonstrerande studentar, skriv nyheitsbyrået AP.

    Pro-palestinske studentar har hatt store demonstrasjonar ved universitetet den siste tida. Universitetet meiner demonstrasjonane forstyrrar undervisninga, og gav studentane frist til klokka 14 lokal tid med å fjerna seg.

    Tre timar etter at fristen gikk ut, byrja universitetet å suspendera studentar, seier talsperson Ben Chang til nyheitsbyrået.

    Fleire studentar rundt om i USA har kravd at universiteta deira kuttar alle økonomiske band med Israel, på grunn av krigføringa deira i Gaza.

  • 25 døde i bussulykke i Peru

    Minst 25 personer mistet livet og mange ble skadd da en buss falt ned i en 200 meter dyp kløft ved en fjellvei i det nordlige Peru, opplyser lokale myndigheter.

    Ulykken skjedde på en uasfaltert vei i regionen Cajamarca i Andesfjellene sent søndag. Bussen hadde over 50 passasjerer.

    Bussen havnet ved en elvebredd, og flere om bord ble tatt av vannet, opplyser en talsperson for kommunen.

    (NTB)

  • Mann med fyrverkeri angrep politiet i Sandefjord

    En beruset mann er pågrepet etter at han sent mandag kveld gikk til angrep på en politipatrulje i Sandefjord, skriver NTB.

    Dette skjedde rundt klokka 23.30 mandag kveld.

    – Det ble et basketak og patruljen fikk kontroll. Politiet benyttet pepperspray, og mistenkte har vært på legevakta og skylt øynene, opplyser Sørøst politidistrikt.

    Mannen hadde også fyrverkeri med seg, og politiet ser det i sammenheng med klager på fyrverkeribruk i området tidligere på kvelden.

    Politiet opplyser at mannen blir anmeldt for flere forhold.

  • Fortsatt fare for butikkstreik – partene mekler på overtid

    Handel og Kontor (HK), Parat og Negotia er fortsatt ikke enige med Virke om årets lønnsoppgjør. Meklingen fortsetter på overtid, får NTB opplyst.

    Hvis de ikke kommer til enighet, vil Parat-virksomheter som Byggmakker, Montér og Optimera rammes av streik. Handel og Kontor, på sin side, sier at de vil ta ut ansatte ved taxfree-butikkene på flyplassene i Oslo, Bergen og Trondheim.

    Negotia har varslet at ansatte i byggevarebedriften Gausdal landhandleri og Imperial Brands vil ta ut i streik.

    Meklingene hos riksmekleren startet søndag klokka 10.

    Taxfree på Gardermoen
    Foto: Gorm Kallestad / NTB
  • TV-kanal: Hamas seier dei vil ta stilling til konkret våpenkvileforslag

    Ifølge den statlege egyptiske TV-kanalen Al Qahera har Hamas sin delegasjon reist frå Kairo, skriv nyheitsbyrået Reuters.

    Der har dei deltatt i våpenkvileforhandlingar. Dei vil koma tilbake med eit svar på våpenkvileforslaget som er lagt fram, ifølgje TV-kanalen.

    Ifølgje den britiske utanriksministeren David Cameron har Israel kome med eit tilbod om våpenkvile i 40 dagar, mot at Hamas set fri dei israelske gislane.

  • Brann i bustadblokk i Bergen – 14 evakuerte

    14 personer blei evakuerte då det byrja å brenna i ei bustadblokk på Nattland i Bergen seint måndag kveld. Brannen blei rapportert rundt klokka 22.30 og meldt sløkt to timar seinare.

    – Brannen starta i fjerde etasje og spreidde seg vidare til tre naboleilegheiter. Alle har store skadar i veggar og takkonstruksjon, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Morten Rebnor.

    Det var mykje vind i området, og ei stund var det fare for spreiing.

    Brannvesenet rykte ut frå Fana, Sandviken, Laksevåg og hovudstasjonen i Bergen.

    – Me starta evakuering i den aktuelle blokka, og nærliggande blokker med ein gong me kom på staden, sa operasjonsleiar Dan Erik Johannessen i Vest politidistrikt måndag kveld.

    Det er for tidleg å seia noko om årsaka til brannen. Krimteknikarar i politiet skal undersøkja brannstaden og vitne skal avhøyrast.

    Nattland brann
    Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK
  • USA åtvarar om mogleg massakre i Sudan

    FN-ambassadøren frå USA åtvarar om ei kommande massakre i den sudanske byen El-Fasher, skriv NTB.

    Byen er eit knutepunkt for humanitært arbeid i den krigsherja regionen Darfur, og har inntil nyleg vore ganske upåverka av kampane mellom regjeringshæren og RSF-militsen.

    Sidan midten av april har det likevel kome meldingar om åtak og samanstøyt i byen og områda rundt.

    – El-Fasher står på randa av ein storstilt massakre. Det er den dystre røynda millionar av menneske står ovanfor, seier FN-ambassadør Linda Thomas-Greenfield til pressa etter eit møte i Tryggingsrådet om Sudan.

    Millionar av menneske er drivne på flukt frå kampane mellom regjeringshæren og militsen, som starta i fjor.

  • Aker Solutions skal oppgradere renseanlegg på Mongstad

    På det meste skal 500 personer sysselsettes i prosjektet på flere steder i Norge og i Mumbai i India, skriver Aker Solutions i en pressemelding. Kontrakten er verdt mellom 2,5 og 4 milliarder kroner, men selskapet oppgir ikke den eksakte summen.

    Arbeidet går i gang umiddelbart og planlegges ferdigstilt mot slutten av 2026.

    I flere tiår har noe av spillvannet fra Mongstad blitt sendt til Danmark for rensing. I desember i fjor besluttet Danmark at dette skal opphøre. Equinor har hatt planer om oppgradert renseanlegg på Mongstad før denne beslutningen ble tatt.

    Mongstad er landets største oljeraffineri.

    (NTB)

    Mongstad
    Foto: Rodrigo Freitas / NTB

Nyhetsstrømmen

Siste nytt fra NRKs nyhetsredaksjon med verdensværet.
Siste nytt fra NRKs nyhetsredaksjon med utenriksmagasin, sport og vær.