Siste nytt – NRK

Hopp til innhold
  • Masseoppseiingar i Nestle

    Matvaregiganten Nestle skal kutte 16.000 arbeidsplassar dei neste to åra, melder AFP.

    Det svarar til om lag 6 prosent av dei tilsette, ifølge Bloomberg.

    Innsparingane er ein del av ein større sparepakke for det sveitsiske selskapet, som blant anna lagar barnemat, dyrefôr og drikkevarer.

    Selskapet hadde eit noko betre resultat enn venta i tredje kvartal, takka vere auka sal og høgare prisar.

  • To palestinere drept i Gaza – krysset usynlig grense

    Israelske styrker drepte to palestinere øst for Gaza by onsdag etter at de angivelig kom inn i et område som fortsatt er okkupert av israelske bakkestyrker.

    Ifølge den israelske hæren krysset de to en grense Israel har etablert og brøt dermed våpenhvileavtalen som er inngått.

    Den israelske soldatorganisasjonen Breaking the Silence er svært kritisk til at hæren skyter sivile palestinere som krysser det som omtales som den gule linjen i Gaza.

    – Mennesker blir drept for å krysse en linje de ikke engang vet eksisterer, påpeker organisasjonen.

    (NTB)

  • Bod på Gyda Oddakalv-date trekt tilbake

    Eit bod på 1,5 millionar kroner for date med politikaren Gyda Oddekalv er trekt tilbake, og er ikkje lenger synleg på auksjonssida. Bodet kom inn klokka 01.11 natt til torsdag, men er no vekke frå auksjonsnettsida. Torsdag morgon er høgaste bod 351.700 kroner. Kontaktperson for auksjonen, Knut Petter Gisholt, stadfestar at bodet ikkje er rett, men vil ikkje kommentera saka vidare.

  • Israel stadfestar identiteten til to døde gissel

    Israelske styresmakter stadfestar torsdag morgon at dei har teke imot to døde gissel frå Gaza.

    Kistene med dei to blei frakta av Røde Kors frå Gaza by og overlevert til den israelske hæren (IDF), skriv Times of Israel.

    Identiteten til dei to er stadfesta ved eit rettsmedisinsk institutt i Tel Aviv.

    Hamas seier dei inntil vidare ikkje er i stand til å finne fleire av dei døde gislane.

    Nokre av desse er i område i Gaza som blir kontrollert av IDF, medan andre ligg i ruinar av bomba bygningar og tunnelar, og er vanskelege å finne.

  • Nye kunder og milliardoverskudd for Nordea

    Storbanken Nordea fikk et driftsresultat tilsvarende 18,8 milliarder kroner i tredje kvartal, og dette lå noe over det analytikerne hadde forventet.

    Bankens samlede utlån er nå på over 911 milliarder kroner, en økning på 110 milliarder kroner det siste året. Dette skyldes blant annet at banken har overtatt Danske Banks personkundeportefølje.

    Nordeas utlån i Norge økte med over 10 milliarder kroner i tredje kvartal.

    Banken fikk 14.500 nye kunder i Norge i tredje kvartal.

    (NTB)

  • Snø på E6 Saltfjellet – vurderer å stenge vegen

    Statens vegvesen vurderer fortløpande om dei skal stenge vegen over Saltfjellet, skriv dei på sine nettsider.

    Dei rår dei køyrande til å vurdere andre køyreruter.

    Driftspersonell har vurdert det som sannsynleg at fjellovergangen blir stengt.

    Årsaka er mykje snø på vegane.

    – Det er kombinasjonen av sludd, sørpe, snø og vind som er den største utfordringa, men vinden skal løye. Om vegen stenger trur eg ikkje det vil vere av langvarig art, då er det for å få brøyta opp vegen der snøen har lagt seg raskt og tett.

    Det seier Morten Fjellheim, trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen Nord, til NRK.

    – Det er jo nokre køyretøy som ikkje er godt nok rusta på denne tida av året, så det er absolutt ikkje tilrådeleg å køyre over fjellet utan riktige dekk, seier Fjellheim.

    snø på vei
    Foto: Statens vegvesen
  • Keaton døydde av lungebetennelse

    Skodespelaren Diane Keaton døydde av lungebetennelse, opplyser familien i ei melding til kjendisnettstaden People.

    Keaton døydde laurdag, 79 år gamal.

    Ho slo gjennom på 1970-talet med rolla Kay Adams i «Gudfaren»-filmane.

    I 1977 fekk ho Oscar for beste kvinnelege hovudrolle for innsatsen i Woody Allens «Annie Hall».

  • Strømmen tilbake i Tromsø kommune

    Nettselskapet Arva melder at 253 abonnenter i Grøtfjord, Tromvik og Rekvik i Tromsø kommune nå har fått strømmen tilbake.

    Strømbruddet ble kjent tidligere i dag, og Arvas mannskap har jobbet med å lokalisere og rette feilen.

    Det var målt 3 plussgrader med regn og sludd i Tromsø klokka 7 i dag.

    Strømbrudd utenfor Tromsø
    Foto: Skjermdump / Arva
  • Norsk skip har køyrt seg fast under Svinesundsbrua

    Eit norsk skip med tømmer har sett seg fast under Svinesundsbrua mellom Noreg og Sverige, skriv Göteborgs-Posten.

    Styresmaktene fekk melding om at skipet hadde gått på grunn natt til torsdag.

    – Det er ingen personskadar, ingen olje i vatnet og fartøyet tek ikkje inn vatn, seier pressesjef Mattias Lindholm i Kystvakta til avisa.

    Han seier arbeidet med å få skipet laust, startar så snart det blir lyst.

    Det skal vere tjukk tåke på staden.

    kart
    Foto: Marine Traffic
  • Snøvarsel i nord – nå er det på tide å skifte til vinterdekk

    Et lavtrykk er på vei inn over Nord-Norge og bringer med seg snø, sludd og kraftige byger, melder Meteorologisk institutt.

    Torsdag kveld ventes temperaturene å synke, og Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for snø.
    – Fra torsdag kveld og gjennom fredag kan det legge seg snø på veiene i lavlandet, særlig i indre strøk.

    På kysten kommer nedbøren som regn og sludd, men i perioder med kraftige byger kan det også snø der, heter det i varselet.

    I fjellet kan det komme opptil 30 centimeter snø på 24 timer, og vinden kan skape snøfokk og vanskelige kjøreforhold.

    Med glatte veier og frosne frontruter er det på tide å finne fram vinterdekkene.
    Statens vegvesen minner om at kravet til minst tre millimeter mønsterdybde nå gjelder for Nordland, Troms og Finnmark fra 16. oktober.

    – Det er lurt å være i forkant. Mange venter til det første snøfallet, men da kan det allerede være for sent, sier politiet, som ber bilister sjekke vær og føreforhold nøye før de legger ut på tur – særlig i høyere strøk.

    Webkamera fra Kaperdalen på Senja 16. oktober, kl. 06.48

    Snø i Kaperdalen, 16. okt 2025
    Foto: Webkamera / Statens vegvesen

Nyhetsstrømmen

en gruppe mennesker som står i en folkemengde
NRK Nyheter - stemningsbilde - key art - keyart - nrk radio - podkast
Dagsrevyen - stemningsbilde - key art - keyart - nrk radio - podkast