Hopp til innhold

Bod på Gyda Oddakalv-date trekt tilbake

Eit bod på 1,5 millionar kroner for date med politikaren Gyda Oddekalv er trekt tilbake, og er ikkje lenger synleg på auksjonssida. Bodet kom inn klokka 01.11 natt til torsdag, men er no vekke frå auksjonsnettsida. Torsdag morgon er høgaste bod 351.700 kroner. Kontaktperson for auksjonen, Knut Petter Gisholt, stadfestar at bodet ikkje er rett, men vil ikkje kommentera saka vidare.