Siste nytt – NRK

Hopp til innhold
  • Politiet etterforskar dødsfall i Göteborg

    Ei kvinne i 40-åra blei laurdag funnen død i eit husvære i Göteborg. No undersøker politiet om det kan vere snakk om eit drap, melder Aftonbladet.

    Søndag har politiet banka på dører og snakka med folk i området som kan ha sett noko.

    – Eg kan ikkje seie meir akkurat no, seier Caroline Carlsson, som er pressetalsperson for politiet i region Vest, til avisa.

  • Gressbrann på rundt 100 kvm slukket på Støren

    Politiet i Trøndelag skriver på X at de har sendt patrulje til en privat adresse etter melding om gressbrann på Støren.

    Brannvesenet har allerde vært på stedet og slukket brannen, opplyser de videre.

    – Ca 100 kvm som har brent. Trolig startet som følge av søppelbrenning, skriver politiet i meldingen.

  • Delegasjon frå Hamas reiser til Egypt for samtalar om våpenkvile

    Hamas sender måndag ein delegasjon til Kairo i Egypt for å starte samtalar om våpenkvile i Gaza. Det opplyser talspersonar for Hamas til Reuters.

    Natt til laurdag stadfesta Hamas at dei hadde fått eit forslag til avtale frå Israel. Talspersonen seier til Reuters at Hamas vil svare på dette forslaget og på forslag frå meklarar på møtet i Kairo.

    Søndag skal fleire verdsleiarar også ha samtalar om tilhøva i Gaza under møtet til World Economic Forum i Riyadh i Saudi-Arabia.

  • Russiske journalistar fengsla

    To russiske journalistar er arrestert, skulda for «ekstremisme» og for å ha samarbeidd med organisasjonen til no avdøde Aleksej Navalnyj, melder nyheitsbyrået AP.

    Konstantin Gabov og Sergej Karelin avviser skuldingane.

    . Etter invasjonen av Ukraina for to år sidan vedtok Russland nye lover som gjorde det ulovleg å formidle det styresmaktene meiner er falsk informasjon om det russiske forsvaret.

    Fleire politikarar og journalistar er fengsla som følge av dei nye lovene.

  • Over 60 drepne i Gaza det siste døgnet

    66 palestinarar er drepne i israelske angrep i Gaza det siste døgnet, ifølge palestinske helsestyresmakter, melder Reuters.

    I tillegg er 138 skadde i angrep.

    Minst 34.454 palestinarar er så langt drepne sidan krigen starta, og minst 77.575 menneske er skadde i israelske angrep, ifølge helsestyresmaktene.

  • Streik ved Heathrow frå måndag

    Måndag går tilsette i grensekontrollen ved Heathrow i London ut i ein fire dagar lang streik, melder Reuters.

    Over 300 tilsette legg ned arbeidet i protest mot låge lønningar og vilkår, medan inflasjonen og levekostnadane aukar.

    Flyplassen har tidlegare sagt at dei har planar for å hindre at streikar skal påverke passasjerar.

  • Dårlige kjøreforhold på E134 Haukelifjell

    Uvær, snø og snøfokk fører til dårlige kjøreforhold på E134 Haukelifjell/ Rv 7 Hardangervidda i dag.

    Kjøring med sommerdekk anbefales ikke forteller Statens vegvesen. Det er fare for at det kan bli kolonnekjøring.

    Sjekk værmeldingen fra Yr her.

  • Abbas: Berre USA kan hindre angrep mot Rafah

    Den palestinske presidenten Mahmoud Abbas meiner USA er det einaste landet som kan hindre ein israelsk bakkeinvasjon i Rafah, melder Reuters.

    Han fryktar angrepet skal starte ein av dei komande dagane.

    – Det vil vere den største katastrofen i historia til det palestinske folket, sa han, ifølge AFP.

    Abbas er til stades på møtet til World Economic Forum i Riyadh i Saudi-Arabia søndag.

    Fleire verdsleiarar er til stades på møtet for å blant anna ha samtalar dei håper skal føre til ein fredsavtale mellom Israel og Hamas.

    Abbas seier han krev ein umiddelbar stans i kampane.

    Mahmoud Abbas
    Foto: Hamad I Mohammed / Reuters
  • Norsk-saudisk møte: – Vesten kan ikkje reise ned og «lage fred»

    Utanriksminister Espen Barth Eide er i Saudi-Arabia for å samtale med Palestinas president Mahmoud Abbas.

    Arabiske utanriksministrar, EUs utanrikssjef Josep Borrell og representantar frå europeiske land er til stades.

    Møtet er organisert i samband med Verdas økonomiske forum (WEF).

    Eide fortel at målet med møtet er å sjå framover mot ein palestinsk stat «på ordentleg», og finne ut korleis ein palestinsk stat og Israel kan eksistere side om side på ein fredeleg måte.

    – Tanken er å bygge eit konsept for ei løysing, og så etter kvart presentere det til Israel, og få dei palestinske styresmaktene med på det.

    Israel og Hamas er ikkje med på møtet.

    – Partane er ikkje i stand til å forhandle fram ei løysing. I fråvær av ein plan, får nokon andre prøve å lage ein plan, seier Eide.

    Han er likevel klar på at det ikkje er vestlege land som skal presentere noko fasit på fred i Midtausten.

    – Eit land frå Vesten kan ikkje reise ned og «lage fred», som vi kanskje såg for oss i 1993. Det må forankrast i regionen.

  • 400 tonn naudhjelp på veg med skip til Gazaa

    Eit skip med 400 tonn naudhjelp til Gaza la laurdag frå kai i Kypros, melder CNN.

    Skipet har kurs for Ashdod-hamna i Israel, der naudhjelpa blir lasta opp på bilar som har fått løyve til å køyre inn i Gaza.

    Hjelpa skal nå det nordlege Gaza i midten av veka, seier ein embetsmann for Dei Foreina Arabiske Emirata, som har gjeve naudhjelp.

Nyhetsstrømmen

Siste nytt fra NRKs nyhetsredaksjon med verdensværet.
Siste nytt fra NRKs nyhetsredaksjon med utenriksmagasin, sport og vær.