Hopp til innhold

PST tar over trusselsakene mot Stortinget

– PST jobbar vidare med desse sakene for å avdekke kva som liggje i dei, og kva som har skjedd, seier seniorrådgivar i PST Eirik Veum til NRK.

Dei vil sjå nærare på om det har vore retta liknande truslar mot Stortinget, eller andre miljø tidlegare, og om dei eventuelt kjem frå same miljø.

VG omtala saka fyrst.

Veum ønskjer ikkje å seie om dei har identifisert personen som står bak den siste trusselen. Politiet i Oslo sa onsdag at dei kjende identiteten til personen bak den fyrste.

Stortinget vart stengt onsdag etter to ulike truslar. Ingen fekk kome inn eller ut av bygget og væpna politi stod i gatene.

Den eine trugselen kom på nettforumet 4Chan. Den andre kom inn som e-post.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no