Hopp til innhold

Varslar meiner FN dekker over skandalar

Rasna Warah som har jobba for FN, har blitt ein varslar. Ho meiner måten organisasjonen er bygd opp på, legg til rette for at overgriparar kjem seg unna, og varslarar blir straffa.

– Dei kan komme unna med absolutt alt, seier Rasna Warah. I meir enn ti år var Warah ein stolt FN-arbeidar. Med utdanning frå Boston og Malmö hadde ho fått seg fin jobb i heimbyen, ved FN-byrået UN-Habitat i Nairobi.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no