Hopp til innhold

Det blir ikkje val i Nord-Irland i desember

Britiske styresmakter har avgjort at det ikkje blir val i Nord-Irland i desember eller tidlegare. Eit nyval må haldast innan midten av januar.

Britanes Nord-Irland-minister Chris Heaton-Harris, seier han skal informere Parlamentet i neste veke.

Nord-Irland har ikkje hatt ei ordinær regjering sidan provinsvalet i mai, der Sinn Fein blei det største partiet og DUP blei nest størst.

Usemje om Nord-Irland-protokollen, som er ein del av brexitavtalen mellom Storbritannia og EU, er årsaka til den fastlåste politiske situasjonen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no