Hopp til innhold

Nye Facebook-restriksjonar mot Myanmar

Meta, som eig Facebook, seier onsdag at dei vil utvide restriksjonane på innlegg knytt til selskap kontrollert av militæret i Myanmar, melder AP. Selskapet innførte dei første restriksjonane i februar, etter at fredsprisvinnaren Aung San Suu Kyi blei arrestert etter eit militærkupp. Dei nye tiltaka kjem etter at Meta blei saksøkt fordi dei ikkje skal ha fjerna innlegg som førte til auka vald mot Rohingya-folket i Myanmar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no