Hopp til innhold

Puigdemont reiser til Belgia

Den tidlegare leiaren for Catalonia, Carles Puigdemont, seier han vil reise tilbake til Belgia, melder AFP.

Puigdemont blei arrestert på Sardinia torsdag, etter å ha vore på flukt frå spanske styresmakter i fire år.

Han har levd i eksil i Belgia, men var på Sardinia for å delta på eit kulturarrangement.

Ein domstol sette Puigdemont fri fredag. Han blei ikkje pålagd reiserestriksjonar før neste rettsmøte, som skal vere 4. oktober.

Han har sagt at han vil kome tilbake for å delta på rettshøyringa.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no