I «krise» med Australia og USA
Frankrikes utanriksminister Jean-Yves Le Drian seier landet er i ei krise med USA og Australia, etter at sistnemnde vraka ei fransk ubåtkontrakt verdt fleire hundre milliardar kroner og heller inngjekk eit samarbeid med USA og Storbritannia.
– Det har vore løgnar, dobbeltspel, eit stort tillitsbrot og forakt. Dette duger ikkje, sa Le Drian i eit intervju med ein fransk TV-kanal.
No må Nato ta ansvar for saka, kravde Le Drian, som skuldar Storbritannia for «konstant opportunisme».
Le Drian sa også at Frankrikes president Emmanuel Macron ikkje har snakka med USAs president Joe Biden om temaet, ifølge Reuters. Frankrike har kalla tilbake sine ambassadørar i USA og Australia som følge av saka.