Moderna sett på vent i Japan
Okinawa i Japan har sett bruken av Moderna-vaksinen på vent etter at det blei funne partiklar i enkelte vaksinar, opplyser lokale styresmakter.
Meldinga kjem dagen etter at helsedepartementet i Japan starta ei gransking etter to dødsfall blant personar som hadde fått eit anna parti av vaksinen.
Det er ikkje kjent kvifor dei to mennene på 30 og 38 år døydde, og om årsaka kan knytast til vaksineringa.