Faten Mahdi Al-Hussaini
Foto: Martin Roalsø / NRK

Tek eit oppgjer med hatet

Då ho var 16 år gamal, var Faten Mahdi Al-Hussaini full av hat. I år har ho nok ein gong fått kjenne på hatet frå andre.

Fleire tusen møtte opp til den storstilte markeringa i Oslo sentrum mot islamsk ekstremisme ein måndagskveld i slutten av august i 2014. Arrangørane trudde det skulle kome mellom 1500 og 2000 personar. Då dei kom til Eidsvolds plass framfor Stortinget, var det truleg over 5000 menneske samla.

Denne kvelden stod politikarar side ved side med religiøse leiarar og vanlege folk for å protestere mot ekstremisme og vald. Ein initiativtakarane var den gong 19 år gamle Faten Mahdi Al-Hussaini. Under demonstrasjonen heldt ho ein appell der ho tok avstand frå ekstremistane. Dette gjorde henne til ein offentleg kjend person. Og etterpå fekk ho både hyllings- og hatmeldingar.

Men etter demonstrasjonen blei ho skulda for at ho sjølv var ein del av eit ekstremt sjiamuslimsk miljø, og at ho var tilhengar av strenge sharia-straffer. Dette har ho avvist fleire gongar, blant anna i ein kronikk i VG.

Møtte hat med hat

I samband med at ho var med å starte organisasjonen JustyUnity, som jobbar med å førebyggje ekstremisme og radikalisering blant ungdom, vedgjekk ho at ho hadde hatt radikale meiningar som ungdom.

– Då eg var 15-16 år hata eg menneske av heile mitt hjarte. No prøver eg å forstå, sjå det frå andre vinklar. Ikkje rettferdiggjere handlingane deira, men prøve å forstå kvifor dei tek slike val, sa ho den gongen.

Faten 16 år

Faten Mahdi Al-Hussaini seier ho hadde radikale meininger i to år, frå ho var 16 til ho var 18. I ettertid omtalar ho meiningane sine som reint hat.

Foto: PRIVAT

I eit intervju med NRK, nektar ho framleis for at ho har hatt tilknytning til ekstreme miljø og at ho var tilhengar av sharia-lover. Men for første gong fortel ho meir om kvifor ho i ein periode hadde radikale meninger: Ho hata alle muslimar som ikkje trudde på det same som henne.


Det var i møte med hat frå ekstremistar frå den andre trusretninga i islam sunniislam som trigga henne.

– Eg blei fortalt at eg var ein dårleg muslim, at eg var vantru. Eg blei truga med valdtekt fordi eg var sjia. Då byrja eg å hate, eg også.

Kva gjekk meiningane dine ut på?

– Eg meinte at alle muslimar som ikkje trudde på det same som meg, var vantru. Alle frå ein annan type trusretning i islam kunne døy, og det var ikkje problematisk. Dei stod bak all terror i verda, og på grunn av dei må muslimar lide. Det var berre hat eigentleg. Reint hat.

Ho oppsøkte miljø der ekstreme sunniar hang, og diskuterte religion på skular, i sosiale medium og på Grønland. Ho ville vise at ho hadde rett, og dei hadde feil. Men Al-Hussaini understrekar at ho aldri blei valdeleg.

– Eg blei aldri ein ekstremist, eg var berre radikal. Eg ville aldri ha brukt vald. Eg hadde aldri tenkt å reise nokon stad og drive heilag krig. Eg ville berre diskutere, bruke verbal jihad. Dersom vi kan kalle det det.

Faten på Det Norske Teatret

Då ho var 16 blei Faten Mahdi Al-Hussaini fortalt at ho var ein dårleg muslim. Det førte til at ho i to hadde radikale meininger. No held ho foredrag for å hindre at ungdommar blir radikalisert og ekstremistar.

Foto: Martin Roalsø / NRK

I dag angrar ho på denne tida, som varte i to år, frå ho var 16 til ho var 18 år, og fryktar at hatet hennar kan ha fyrt opp under ekstremisme hos andre.

– Eg angrar fordi eg er redd eg har pusha nokon til å bli meir ekstreme. Det er noko eg alltid har hatt dårleg samvit for. Dei pusha meg med deira hat, og då pusha eg tilbake.

Det vanskelege valet

I haust har ho nok ein gong fått mykje merksemd. Då det blei kjent at ho i samband med stortingsvalet skulle lage dokumentarserien «Faten tar valget» for NRK, kom det rekordmange klager til Kringkastingsrådet fordi ho brukte hijab. Også i kommentarfelta og på sosiale medium kokte det. NRK fekk også kritikk for måten saka blei behandla på, og førte også til at Elin Ørjasæter slutta i Kringkastingsrådet i protest.

Sjølv var Faten på ferie i Jerusalem då det stod på som verst.

– Dersom eg hadde vore i Noreg, trur eg at eg hadde blitt galen. Eg kjende meg veldig lite norsk. Når ein les kommentarfelta, gjer det vondt. Sjølv om eg seier eg ikkje bryr meg, så gjer det vondt.

Faten Mahdi Al-Hussaini er 22 år. Hun skal lede "Faten tar valget".

I samband med tv-serien «Faten tar valget», kokte det i kommentarfelt og på sosiale medium. Sjølv var Faten på ferie i Jerusalem, og blei skjerma frå medietrykket.

Foto: Chrisitan Breidlid / NRK

Ho blei skjerma frå media, og blei råda til ikkje å seie noko. Det er ho glad for no.

– Eg har lett for å seie dumme ting når eg blir sint. Dersom eg skulle ha svart same dag eller same veke, hadde det fort blitt usakleg. Difor var eg svært takksam for å få sleppe å kommentere dette då det stod på som verst.

Har du nokon gong angra på at du gav deg i kast med programmet?

– Uansett kor vanskeleg det blei, angrar eg ikkje. Eg lagde ikkje noko på hijab. Så det er ikkje mitt problem korleis folk oppfatta det. Og difor er det enda viktigare at eg tok den jobben.

Svarar med hijab-dokumentar

Men no kjem svaret til kritikarane frå Al-Hussaini. Snart er ho premiereklar med ein dokumentar om den kontroversielle hijaben. Ho ønsker lære folk meir om kva ein hijab er, og kvifor mange brukar han.

Faten-dokumentar under arbeid i NRK

En dokumentar med Faten er snart klar i NRK. Der skal hijaben som er med på å skape Fatens identitet diskuteres nøye.

– Eg fekk ikkje svart kritikarane skikkeleg. Eg svarte kort i Aftenposten og ein kronikk på Ytring. Men dette er mi vesle gåve til kritikarane. Dette er mitt bidrag for at folk skal kunne forstå at jenter med hijab ikkje er like, og vi går ikkje med hijab av like grunnar heller.

Faten kjøper hijab

I dag bruker Faten hijab fordi det har blitt ein del av identiteten hennar. Ho meiner mange ikkje veit nok om hovudplagget, og at mange fører debatten på feil premiss. No har ho laga dokumentar.

Foto: Martin Roalsø / NRK

Men ho veit at det vil kome reaksjonar når dokumentaren blir vist. Det gjer alltid det. No er ho spent på kor sterke reaksjonane blir og kor mange som kjem til å reagere denne gongen.

– Eg både gruar meg litt, og gler meg litt. Eg veit det kjem til å kome negative reaksjonar denne gongen også. Men eg er redd folk skal misforstå det eg har laga, og tru at det er fasiten eg skal kome med.

Kven fryktar du kritikk frå?

– Eg fryktar mest kritikk frå mine eigne. Eg veit ikkje korleis det kjem til å gå inn på familien og søskena mine. Eg håper familien min kan takle reaksjonane som kjem. Det kostar litt å vere mamma og pappaen til Faten.

Hijab som identitet

Sjølv byrja ho med hijab då ho var åtte år fordi ho syntest mora var fin i det. Då ho var 10, byrja ho å bruke han fast. I 13-14 årsalderen brukte ho hovudplagget av religiøse grunnar. I dag handlar det om identitet, seier ho.

– Dette er ein del av Faten. Det er ikkje heile meg, men det er ein del av meg. Eg kan ikkje gå utan hijab. Eg kan ikkje gå utan klokke. Eg kan ikkje gå utan ringar. Det er som om ein ber meg om å vere naken.

Ung Faten

Faten Mahdi Al-Hussaini byrja å gå med hijab då ho var ei lita jente, fordi ho syntest mora var så fin i hovudplagget. Seinare har det blitt ein del av indentiten hennar.

Foto: PRIVAT

Ho seier at ho kan kaste hijaben når ho måtte ønske det, men ho går med plagget av eigen fri vilje.

– Min kamp handlar ikkje om eg skal få gå med hijab. Den handlar om valfridom. Om det å gå med eller utan. Det trur eg er viktig at folk får med seg. Eg jobbar for valfridomen. Alle veit at eg hadde kjempa like mykje for ei jente som hadde blitt tvungen til å gå med hijab.

Skjønar du at folk kan synest det er vanskeleg å forstå?

– Eg forstår at folk synest det er vanskeleg å forstå hijab. Og eg likar at folk tør å kritisere hijab. Og det skal vere rom for å kritisere han. Som alt anna. Men det er ein skilnad på å kritisere og definere og hetse.

Finn ro i naturen

Den siste tida har Faten byrja å gå tur i skogen for å finne ro og ta ein pause frå debatten og kommentarane. Det byrja for alvor medan ho arbeidde med «Faten tar valget».

– Medan eg arbeidde med «Faten tar valget» var det nokon som foreslo at eg skulle gå skogsturar for å kople av. Når eg er sint, frustrert eller deprimert, går eg meg ein tur. I løpet av turen fiksar alt seg. Eg blir meir roleg og fredfull.

Faten på skogstur

Faten har byrja å gå tur i skogen for å finne ro og ta ein pause frå debatten og kommentarfelta.

Foto: Martin Roalsø / NRK

Ofte er ho ikkje heime før langt på kveld. No er det rein terapi for henne å stresse ned i skogen før den nye dokumentaren skal visast.

– Eg håper det kjem til å gå betre enn eg trur. Eg taklar uansett det som kjem. Det gjer eg alltid. Akkurat no er eg ikkje så stressa lenger. Naturen får meg rett og slett litt mindre stressa.

Dokumentaren skal visast tysdag kveld, 22.30 på NRK1.