LEI: «Kaja»fekk avslag på å leige bustad da utleigar fekk vite at ho fekk pengar frå Nav.
Foto: Ingeborg Undheim / NRKFølte seg verdilaus på leigemarknaden
«Kaja» er i 20-årene og slit med å leiga ein bustad fordi ho får pengar frå Nav. Ho er ein av fleire som blir diskriminert på leigemarknaden.
– Det kjennest ut som om du ikkje har noko verdi.
Det er slik ho føler det. «Kaja» får arbeidsavklaringspengar frå Nav.
Ho ønskjer å vere anonym, men vil fortelja si historie fordi ho trur fleire har opplevd det same som ho.
To av ti har opplevd å bli diskriminerte på leigemarknaden, viser ei undersøking frå Forbrukarrådet.
«Kaja» har fått avslag etter avslag frå huseigarar.
– I det sekundet du seier «eg er arbeidsledig», blir dei forskrekka.
«Kaja» er ein av dei som blir mest diskriminert.
Personar med låg inntekt eller Nav-garanti blir meir diskriminerte enn andre på leigemarknaden, visar Forbrukarrådet sin rapport «Å leie bustad».
Etter det kjem etnisitet, alder, kjønn, religiøs bakgrunn og språk.
Føler fordommane
Dei siste åra har ikkje «Kaja» kunna jobbe på grunn av sjukdom.
Som alle andre, treng ho ein stad å bu. Det har ikkje vore lett å finne.
– Det verkar som alle har ein fordom.
«Kaja» seier ho blir diskriminert på leigemarknaden på grunn av sjukdom.
Foto: Ingeborg Undheim / NRKFørste gong «Kaja» skulle flytte for seg sjølv var ho på fleire visningar.
Visningane gjekk som regel bra i starten. Utleigarane verka positiv til henne. Heilt fram til dei spurte kva ho gjorde.
Då ho fortalde at ho fekk pengar frå Nav, endra ansiktet hos utleigar seg.
– Dei ser ikkje personlegdommen din. Dei ser ikkje at du har betalingsevne, seier ho.
– Kvifor kan ikkje andre kvalitetar, som at eg er ryddig og kan ta vare på leilegheita, vere viktigare enn kor eg tener pengane mine?
Sjølv om ho viser kor mykje pengar ho får utbetalt, trur dei ikkje ho kan betala, fortel ho.
– Eg går ikkje på visningar eg ikkje har råd til.
Det finst ingen oversikt over kor mange i Nav systemet som opplever å bli diskriminert.
Foto: Ingeborg Undheim / NRKArbeids- og velferdsdirektoratet har ikkje oversikt over kor mange Nav-brukarar som opplev å bli diskriminerte på leigemarknaden, ifølgje avdelingsdirektør i Nav, Jan Erik Grundtjernlien.
Han seier at Nav-kontora kan hjelpe personar som har utfordringar med å kome inn på leigemarknaden, uavhengig om personen tek imot andre tenester frå det offentlege.
– Den enkelte kan få råd og rettleiing frå Nav til å løyse ulike typar utfordringar, til dømes om dei ha ein krevjande busituasjon, heimesituasjon eller om dei treng hjelp til å finne ein varig bustad, seier han.
Mistar sjølvbiletet
Etter seks månader gav kvinna i 20-årene opp å finne ein stad å bu på den private leigemarknaden, og måtte flytte til ein kommunal bustad gjennom Nav.
– Sjølvbiletet mitt blir ikkje-eksisterande når eg får avslag etter avslag, heile tida.
No er ho på leit etter ein ny bustad i lag med kjærasten. «Kaja» fortel at ho føler skyld for at dei slit med å finne ein stad. Kjærasten er i full jobb.
– Eg føler eg er problemet.
Nektar ein å leige ein bustad til ein person fordi dei får pengar eller anna støtte frå Nav, utan å vurdere økonomien til leigetakaren, diskriminerer ein, ifølgje Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO).
Dette er meldinga «Kaja» fekk frå utleier.
Foto: PrivatFolk som mottar arbeidsavklaringspengar er som regel sjuke ein lenger periode eller under behandling.
– Då kan det også knytast til nedsett funksjonsevne, fortel seniorrådgivar i LDO, Azari.
Eit avslag frå utleigar kan då bli ekstra problematisk.
Likevel har det vore utfordrande for «Kaja» å finne ein stad å bu.
– Kva trur du folk tenkjer når dei høyrer at nokon får støtte frå Nav?
– Dei tenkjer sikkert «ho der har ikkje orden på livet sitt», svarer ho og utdjupar:
– Kanskje eg ikkje har orden på kva eg skal jobbe med endå eller har orden på psyken min, men eg kan ha orden på alt anna.
Fekk fleire avslag
Marius Noreg Mellem (29) har vore på jakt etter bustad i Trondheim i over to månader, og sjekka gjennom fleire enn 600 annonsar.
Han er ein sosial type, og sjølv om han er i full jobb har han ikkje råda til å kjøpe seg ei leilegheit enno. Då er rom i kollektiv perfekt for Mellem.
– Det er billigare og sosialt.
Det viste seg å ikkje vere så enkelt.
Marius Nordeng Mellem har opplevd å ikkje få leiga ein bustad på grunn av både alder og kjønn.
Foto: Privat– Det kom fleire avslag på grunn av både på alder og kjønn, seier han.
Mange av dei han kontakta svarte ikkje, eller sa at dei ikkje ønskte han.
– Dei som svarte meg sa at de ville ha jenter. Eg fekk ikkje forklaring på kvifor.
Gammal som 29-åring
Alderen hans skulle også vise seg å vere eit problem. Som 29-åring fekk han beskjed om at han er for gammal.
– Dei siste åra har det vore merkeleg å få beskjeden «nei, unnskyld, du kan ikkje bu her likevel. Dei som bur her har ikkje lyst på nokon som er eldre enn 27», seier han.
– Sjølv ser eg på meg sjølv som ganske ung, seier han.
Mellem meiner at han blir diskriminert på grunn av kjønn og alder.
– Eg har hatt periodar der eg blir skikkeleg lei meg, og der eg har mista motet, seier han.
For han er det trongsynt og gammaldags å leige ut basert på kjønn.
Fleire har opplevd å bli diskriminerte på grunn av alder. Det same gjeld for kjønn, ifølge rapporten frå Forbrukarrådet.
Av sakene LDO rettleiar om diskriminering på leigemarknaden, er kjønn blant topp tre.
– Det med kjønn står gjerne allereie i utlysinga, seier seniorrådgivar Shorish Azari.
Det er likevel unntak.
Kan vere lov å velje vekk grunna kjønn
I nokon tilfelle kan det vere lov å ikkje leige ut til nokon på grunn av kjønn. Då må ein ha ein sakleg grunn for det, fortel Azari.
Det kan til dømes vere om utleigar sjølv skal bu i bustaden, og dele bad og kjøkken med vedkommande.
Shorish Azari i LDO oppfordrar å ta kontakt med Likestillings- og diskrimineringsombodet dersom ein opplever diskriminering i leigemarknaden. Dei kan gi deg råd og rettleiing om kva du skal gjere dersom ein føler seg diskriminert på leigemarknaden.
Foto: LIKESTILLINGS- OG DISKRIMINERINGSOMBUDETDet kan også gjelde for kollektiv.
– Viss det er eit kollektiv der det bur fleire av same kjønn, så kan ein i ei viss grad leggje vekt på det, seier han.
Det er ikkje alltid slik, fordi det kan vere grenser og gråsoner som Diskrimineringsnemnda må sjå litt nærmare på.
– Men som unntak kan ein etter ein konkret vurdering leggje vekt på kjønn, viss det er fleire av same kjønn der allereie, seier Azari.
Han understrekar at dette ikkje gjeld andre faktorar som til dømes religion eller etnisitet.
Likestillings- og diskrimineringsombodet gir rettleiing, mens Diskrimineringsnemnda behandlar klager. Diskrimineringsnemnda kan treffe vedtak om erstatning for dokumentert økonomisk tap.
Personlege eigenskapar
På Finn.no eller Hybel.no finn ein med eitt enkelt klikk mange annonsar med ulike krav frå utleigar til leigetakarar.
Det finst døme på at dei stiller krav om språkkunnskap, tal på overnattingsgjestar i veka eller døgnrytme.
Det viser ein rapport frå Norsk Studentorganisasjon (NSO). I rapporten har dei gått gjennom nettstadene Finn.no og Hybel.no.
NSO har funne døme på at personlege eigenskapar blir vektlagde, og dette kan fungere som grunnlag for å velje vekk personar som leiger ikkje ønskjer på bakgrunn av tilhøyrselen deira til diskriminerte grupper.
Er det diskriminering at utleigar stiller krav til språkkunnskap, eller er det i gråsona?
Ta quizen under og få svar frå advokat Shorish Azari:
Hei
Har du tanker om saken du har lest, eller innspill til andre saker vi kan lage om studenter på leiemarkedet? Har du opplevd diskriminering, dyre leiepriser eller har du rett og slett mestra leiemarkedet?
Vi vil høre din historie! Send oss gjerne en e-post.