Hopp til innhold

Vipps hadde store problem

Dei fleste brukarane av Vipps-appen fekk ikkje gjennomført betalingar i appen torsdag ettermiddag. Fleire bankar hadde òg problem med sine banktenester.

WZVoNIY2cCo

VIPPS-PROBLEM: Fleire brukarar av appen Vipps fekk ikkje gjennomført betalingar i appen torsdag ettermiddag.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Vipps hadde store problem med sine betalingstenester mellom klokka 14 og klokka 20 torsdag.

– No fungerer Bank ID, kortbetaling, vennebetaling og dei fleste bedriftsbetalingar igjen, men det er framleis problem med netthandel gjennom Vipps, seier kommunikasjonssjef i Vipps Hanne Kjærnes til NRK torsdag kveld.

Årsaka til at folk ikkje fekk gjennomført betalingar gjennom appen skal ha vore eit problem i programvara som vert levert av underselskapet Nets, opplyser kommunikasjonssjef i Vipps Hanne Kjærnes.

Klokka 21 torsdag kveld opplyser Nets at feilen skal vere retta.

– Problemet er løyst og drifta skal no gå som normalt, seier Povl Damstedt Rasmussen til NRK.

Hanne Kjærnes, kommunikasjonssjef i Vipps

JOBBAR MED Å FIKSE FEILEN: Hanne Kjærnes, kommunikasjonssjef i Vipps.

Foto: Ilja C. Hendel

Fleire bankar som kjøper tenester frå Nets hadde problem torsdag.

Vipps er eit norsk selskap som tilbyr betaling- og identifikasjonsverktøy gjennom appen med same namn. Vipps vart lansert av DNB i 2015. Sidan 2017 har selskapet vore frittståande.

Skjermbilde feil i Vipps.

FEILMELDING: Fleire Vippskundar har fått denne feilmeldinga i dag.

Foto: Skjermbilde / NRK

Fleire bankar råka av problema

Fleire banker i Noreg med Nets som underleverandør hadde torsdag problem med sine banktenester, opplyser pressevakt i selskapet Povl Damstedt Rasmussen til NRK.

– Det fører til problem med Bank-Id for fleire nordmenn, nokre kan og få problem med kortbetaling i butikkar eller ved betaling på nett, seier Rasmussen.

Han understrekar at selskapet jobbar for å fikse feila så raskt som råd. Dei kan ikkje seie noko om når problemet er løyst.

Litt etter klokka 18 torsdag opplyser Nets til NTB at dei har funne feilen. Men at dei framleis jobba med å rette den.

– Det handlar om eit problem med programvara, seier Damstedt Rasmussen.

Presserådgiver Andreas Nyheim i DNB.

BEKLAGAR: Kommunikasjonsrådgjevar i DNB, Andreas Nyheim beklagar overfor kundane deira som opplev problem.

Foto: DNB

DNB var ein av bankane som er råka av problema torsdag ettermiddag. Klokka 20 fungerer DNB sine banktenestar som dei skal igjen, opplyser kommunikasjonsrådgjevar Andreas Nyheim i DNB.

For DNB råka feilen mellom anna kortbetaling gjennom Vipps. Betalingar av E-faktura og E-signering.

Nokre av DNB sine kundar hadde og problem med å betale med bankkort.

– Dei fleste kortbetalingar vert gjennomført som normalt, men eit fåtal av våre kundar har og problem med dette, sa Nyheim torsdag ettermiddag.

DNB beklaga overfor kundane som vart råka av feilen.

Problem i fleire land – Har funne feilen

Nets har ansvar for kortlesarar i butikkar over hele Norden og Baltikum. Dei tilbyr forskjellige typar betalingsløysingar – både på nett og via mobil, skriv NTB.

Også i Danmark opplevde fleire kundar problem med Nets sine tenester torsdag, melder Ekstrabladet.

Problema skuldast ein feil på eit nettverk i Noreg, opplyser Nets til det danske nyheitsbyrået Ritzau.

AKTUELT NÅ