Hopp til innhold

Ville bytte ut skule-PC med nettbrett, må betale for begge deler

Stadig fleire skular har bytta ut PC-ar med nettbrett i klasseromma. Likevel må dei behalde eit lager med PC-ar for å kunne ta eksamen. Dyrt og tungvint, seier kommunalsjef. Utdanningsdirektoratet lovar endring.

iPad i skulen, Nes kommune

PÅKOPLA: Nettbrett i klasseromma blir stadig meir vanleg. Sunniva Reite Martinsen (t.v.), som er elev ved Runni ungdomsskule på Årnes, skulle gjerne brukt nettbrett også på eksamen.

Foto: Ahmad Dean / NRK

– Vi har den med oss heile tida og kan enkelt søkje opp informasjon vi treng, seier Sunniva Reite Martinsen (15) som er elev ved Runni ungdomsskule i Nes i Akershus, om bruk av nettbrett i klasserommet.

Kommunen har gjort som mange andre kommunar og erstatta gamle skule-PC-ar med nettbrett.

– Vi har valt å bruke iPad fordi det er eit godt verktøy som skapar begeistring og motivasjon blant elevar og lærarar, seier kommunalsjef for oppvekst og utdanning, Ingar Døhlen.

Men i tillegg til desse må skulen behalde eit lager med PC-ar for å kunne gjennomføre eksamen, ein gong i året. Dette har ført til uventa kostnader for Nes og fleire andre kommunar.

Skule-PCar på Runni ungdomsskule

DOBBELT OPP: I tillegg til nettbrett må skulen ha eit sett skule-PC-ar. Kommunalsjef for oppvekst og utdanning i Nes kommune, Ingar Døhlen, viser fram eit av lagerskapa.

Foto: Ahmad Dean / NRK

– Det er ein uheldig situasjon fordi det blir dobbelt opp med utstyr. Det er dyrt og krev dobbel opplæring.

– Om det er akkurat ipad som er problemet, kvifor ikkje velje ei anna eining?

– Vi meiner det er det beste verktøyet. No vil vi leggje trykk på at Utdanningsdirektoratet legg til rette for at vi kan bruke dei også til eksamen, seier Døhlen.

Lova endring i 2013 – ingenting skjedde

Frå 2013 av byrja direktoratet å rekne med nettbrett, også Apple sin iPad, då dei talte maskintettleik i skulane, sjølv om det ikkje har vore mogleg å gjennomføre eksamen på einingane.

Selskapet Rikt, som driv sal og opplæring i bruk av digitale verktøy for rundt 90 kommunar, skreiv i 2013 til Konkurransetilsynet. Dei meinte det var brot på konkurransereglane å ikkje leggje til rette for fullverdig bruk av enkelte nettbrett i skulen.

NRK tok same år kontakt med direktoratet som i ein e-post skeiv at eksamen allereie var klar for iPad og alle andre plattformer, samt at dei nasjonale prøvene ville bli klar for alle typar nettbrett i 2014.

Konkurransetilsynet valte å ikkje gå vidare med saka, og Rikt trakk klaga då dei fekk lovnader om endring, ifølgje dagleg leiar. Men lite skjedde.

Erling Grønlund i Rikt

PÅ TIDE: Erling Grønlund i kompetansesenteret Rikt driv digital opplæring i rundt 90 kommunar. No etterlyser dei ei løysing for iPad.

Foto: Ahmad Dean / NRK

– Nasjonale prøver var først tilgjengeleg på iPad i 2016 og eksamen er enda ikkje mogleg å gjennomføre, seier dagleg leiar Erling Grønlund.

Han meiner dette kan få skulane til å velje det dei meiner er det nest beste verktøyet eller køyre doble sett. Rikt har saman med 20 andre kommunar bedt om eit møte med Utdanningsdirektoratet.

Nynorsk ordliste og iPad

SIDE OM SIDE: Klasseromma er likevel ikkje heilt tomme for bøker. –Sjølv om det enklaste er å bruke ordliste på nett fungerer det godt med bøker og nettbrett om kvarandre, fortel Jakob Eilertsen Punnerud, som slår opp i den nynorske ordlista

Foto: Ahmad Dean / NRK

Udir: – Frå denne hausten er det mogleg

Det har alltid vore mogleg å bruke nettbrett på eksamen, ifølgje avdelingsdirektør for vurdering i Utdanningsdirektoratet, Marthe Akselsen. Då har kommunane måtte investere i ein ekstra komponent for å kunne levere inn oppgåvene.

Marthe Akselsen, divisjonsdirektør i Utdanningsdirektoratet,

LØYSING PÅ PLASS: Marthe Akselsen, avdelingsdirektør for vurdering i Utdanningsdirektoratet, seier det vil vere mogleg å gjennomføre eksamen på nettbrett frå denne hausten.

Foto: Ahmad Dean / NRK

– Vi har ikkje kunne stått inne for denne komponenten sjølv, av omsyn til sikkerheit. Men frå i haust kan alle gjennomføre eksamen på nettbrett utan denne delen, så lenge alt anna er innanfor våre tekniske krav, seier ho.

– Kvifor har Udir godkjent bruk av iPad i skulen, dersom det ikkje har fungert optimalt?

– Nettbrett, PC eller Mac brukast jo til meir enn eksamen i skulane, men det er kommunane og fylkeskommunane sjølv som vel kva tekniske verktøy dei skal bruke.

Frå 2012 har mange kommunar tatt kontakt med direktoratet og etterspurt ei løysing, Akselsen beklagar at det har tatt tid.

– Det viktigaste for oss har vore omsynet til personvernet, og at eksamen ikkje kjem på avvege. Men no skal alt vere testa og sikkert til bruk.

Rikt-leiaren er glad for tilbakemeldinga, men er også noko skeptisk til svaret frå Akselsen.

– Dei sa det også i november 2013 at det ville vere klart året etter, men om det no er på plass er det veldig gledeleg, seier Grønlund.

AKTUELT NÅ