Hopp til innhold

Vil satse på biodrivstoff

Regjeringa vil redusere eingongsavgifta for bilar som går på bioetanol (E85) med 10.000 kroner med verknad frå 1. juli.

Helen Bjørnøy tankar bioetanol

Miljøvernminister Helen Bjørnøy vil satse på biodrivstoff.

Foto: Heiko Junge, Junge, Heiko

Dette går fram av revidert nasjonalbudsjett, som vart lagt fram i dag.

Regjeringa legg også fram ein strategi for auka bruk av biodrivstoff. Regjeringa ynskjer at biodrivstoff skal utgjere to volumprosent io 2008 og fem prosent i 2009. Målet er sju volumprosent i 2010.

Regjeringa varslar ei omlegging av omregistreringsavgifta i statsbudsjettet for 2008.

 

Om regjeringa når målet om at fem prosent av drivstoffet som blir brukt i Noreg skal vere bioetanol i 2009, vil dette redusere CO2-utsleppa med 400.000 tonn.

Bruken av biodrivstoff skal i hovudsak skje ved at oljeselskapa skal blande inn drivstoffet i vanleg bensin og diesel.

Norges Automobilforbund (NAF) er ikkje nøgd med regjeringa sitt forslag. Administrerande direktør Jan Johansen i NAF seier at bilistane som vanleg får rekninga.

- Det er bra at regjeringa satsar på miljøvenleg drivstoff, men vi går ikkje med på at våre medlemer blir sitjande med rekninga. Å krevje at bilistane betalar for regjeringa si miljøsatsing samstundes som staten tener pengar på det, er direkte dobbeltmoral, seier Jan Johansen.

Han viser til at biodrivstoff kostar meir å produsere enn vanleg drivstoff, og meiner at kravet om innblanding av biodrivstoff vil gi ein auke i literprisen på mellom 10 og 20 øre.

NAF er nøgd med satsinga på kollektivtrafikk i storbyane og ekstraløyvina til sikring av tunnelane på E18 i Vestfold.

 

 

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger