Hopp til innhold

Vil ha slutt på varslar om politikontroll: – Kan koste liv

Talet på grupper i sosiale medium og aktørar som varslar om kvar og når politiet har kontrollar aukar. No ønskjer politiet og rusorganisasjonar ei haldningsendring blant folket.

Utrykningspolitiet på kontroll i Bodø.

Utrykkingspolitiet meiner dei som varslar om politikontrollar indirekte bidreg til at folk blir drepne og hardt skadde på vegane.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Talet på dødsulykker på norske vegar har gått ned dei siste åra, medan talet på rusmelde har auka, viser tal frå Statens vegvesen.

I 2020 vart 10.411 bilførarar melde for køyring i ruspåverka tilstand på norske vegar. Det er det høgaste registrerte talet nokosinne, og tala går ikkje ned.

– Berre i januar og februar i år har 1555 personar vorte melde for ruskøyring. Talen til tala er klar, fyllekøyring er eit omfattande problem. Og det seier seg sjølv at langt frå alle blir tekne, seier Elisabeth Fjellvang Kristoffersen.

Ho er generalsekretær i trafikktryggleiksorganisasjonen MA Rusfri Trafikk. Dei har som mål at ingen skal døy eller bli hardt skadde som følgje av ruspåverka køyring, også kjend som Nullvisjonen.

No går dei saman med Utrykkingspolitiet og alkovettorganisasjonen Av-og- Til for å åtvare om eit aukande problem:

Grupper på sosiale medium som fortel kvar politiet har kontrollar.

Elisabeth Fjellvang Kristoffersen, generalsekretær i MA Rusfri Trafikk

Elisabeth Fjellvang Kristoffersen, generalsekretær i MA Rusfri Trafikk, meiner dei som varslar hjelper fyllekøyrarar.

Foto: Sigmund Sagberg

– Kan koste liv

– Det er på tide no å rope ein stor varsku mot denne typen varslingsgrupper. Dei undergrev trafikktryggleiken og nullvisjonen, og er potensielt livsfarlege då dei kan hjelpe både fyllekøyrarar og andre typar farlege trafikantar til å unngå politiet, seier Fjellvang Kristoffersen.

Ho seier eit vanleg argument blant dei som står bak slike grupper, er at dei ikkje varslar om promillekontrollar.

– Men no er det sånn at alle typar kontrollar òg er ein promillekontroll. Politiet testar promille òg når dei har fartskontroll. Så å bidra med å varsle om kontrollar kan bidra til å la fyllekøyrarar halde fram med å køyre i rus.

NRK har prøvd å få ein kommentar frå fleire varslingsgrupper, men har ikkje lukkast i å få svar.

Fjellvang Kristoffersen seier eit vanleg argument blant dei som administrerer slike varslingsgrupper er at dei ikkje varslar om promillekontrollar.

– Men kvar og ein fartskontroll er og ein promillekontroll. Så å varsla om slikt kan bidra til at fyllekøyrarar får halda fram med å køyra i rus.

Generalsekretær i Av-og-Til, Randi Hagen Eriksrud, meiner slike grupper lèt folk sleppe unna med ruskøyring.

– At det finst Facebookgrupper som sladrar på desse kontrollane, det er ikkje berre trist, men også farleg. Det kan koste liv.

Talet på påverka sjåførar er høgt.

140.000 personar køyrer dagleg i ruspåverka tilstand på norske vegar, ifølgje UP.

– Vi veit at om lag 14.000 av dei er i alkoholpåverka tilstand, seier Hagen Eriksrud.

– Kontrollane til politiet er jo til for å hindre dei i å gjere skade, medan desse Facebookgruppene er der for å la dei halde fram.

Randi Hagen Eriksrud i alkovettorganisasjonen Av-og-til

Generalsekretær Randi Hagen Eriksrud i Av og til meiner varslingane om kontrollar potensielt er livsfarlege.

Foto: Av-og-til

– Derfor går vi no ut saman med MA Rusfri Trafikk og ber folk om å melde seg ut av gruppene, og la politiet få gjere den livsviktige jobben sin, seier Hagen Eriksrud.

Profesjonelle aktørar

Dei siste åra talet på varslingsgrupper i sosiale medium auka, og dei får stadig fleire medlemmer, seier sjef for Utrykkingspolitiet, Steven Hasseldal.

Men det er ikkje berre gruppene i sosiale medium som bekymrar.

– Det er òg profesjonelle aktørar som sel tenester som opplyser om kontrollane våre. Det synest vi er forkasteleg, at ein tener pengar på å gjere vegane utrygge og at folk blir drepne og hardt skadde på vegane.

Steven Hasseldal, UP-sjef

UP-sjef Steven Hasseldal seier varslingane svekkjer politikontrollane, og at dei kan føre til fleire ulykker.

Foto: H. Philip Hofgaard / NRK

UP-sjefen seier både gruppene og dei private aktørane primært svekkjer kontrollane deira.

– Vi veit jo at noko av det mest effektive er trafikkontrollar. Men viss ein føler seg sikker på kor kontrollane er, så svekkjer ein kontrollane våre betydeleg. Det kan føre til fleire ulykker på vegane.

Haldningsendring

Hasseldal meiner folk bør tenkje seg om før ho deltek i slike grupper eller kjøper slike tenester.

– Ein bidreg indirekte til at vegane blir utrygge og at folk blir drepne og hardt skadde. Så ein bør tenkje over konsekvensane av det ein gjer. Det er dei færraste som ønskjer fleire ulykker på vegane. Folk ønskjer ein trygg og sikker trafikk, og då må ein sørgje for at ein ikkje bidreg i slike grupper.

Men kor lett er det å slå ned på slike grupper og aktørar som sel slike tenester?

– Det er jo ikkje ulovleg, verken å selje desse tenestene eller å delta i desse sosiale medium-gruppene. Så det er eigentleg berre å appellere til sunn fornuft, og ein må tenkje over konsekvensane av kva ein faktisk bidreg til. Eg trur dei færraste ønskjer å bidra til fleire ulykker, men det er det ein i realiteten gjer ved å delta i slike aktivitetar.

Lasermåling, fartskontroll, UP

UP-sjefen vil ikkje forby varsling av politikontrollar.

Foto: H. Philip Hofgaard / NRK

UP-sjefen vil ikkje ta til orde for at ein burde forby varslingar, privat eller gjennom sal.

– Det er ikkje slik at ein må forby absolutt alt som ein ikkje liker, men her tenkjer eg det først og fremst er ei haldningsendring som må til, ikkje nødvendigvis ei regelendring. Det er viktig for meg å vere tydeleg på at dette er eit problem for oss, og at det svekkjer kontrollane våre. Folk bør tenkje seg om, seier Hasseldal.

AKTUELT NÅ