Hopp til innhold

Vi julehandlar endå meir enn i fjor

Nordmenn har brukt betalingskorta sine 96,1 millionar gonger første halvdel av desember i år, ein auke på 4,5 prosent samanlikna med same perioden i fjor.

Julehandel i Torggata i Oslo.

Julehandelen ser ut til å bli endå større i år enn i fjor. Biletet er frå Torggata i Oslo eit par dagar før jul i fjor.

Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

Tal frå Nets og BankAxept viser at frå 1. desember til og med 16. desember i år brukte nordmenn betalingskorta sine 96,1 millionar gonger, ein auke på 4,5 prosent samanlikna med i fjor. Omsetninga med kort var på nesten 34,7 milliardar kroner, som er ein auke på 4,6 prosent i forhold til denne perioden i fjor.

Pressesjef for Nets i Noreg, Stein-Arne Tjore, seier at fredag 15. desember er den dagen hittil i desember med flest kort-transaksjonar og høgst omsetning.

Kvinner kjøper flest gåver

Stein-Arne Tjore, pressesjef i Nets.

Stein-Arne Tjore er pressesjef i Nets i Noreg. Han kan fortelje om ein ny auke i korttransaksjonar i julehandelen.

Foto: Roald Guttormsen

– Denne dagen vart det gjennomført nesten 7,7 millionar kortkjøp med ei omsetning på i overkant av tre milliardar kroner, seier han.

Tjore fortel at den årlege julehandel-undersøkinga til Nets viser at det ser ut til at kvinner kjøper flest gåver, men at menn kjøper dei dyraste gåvene. Her går det fram at kvinner i snitt har planar om å kjøpe 14 julegåver, medan menn nøyer seg med ni.

I snitt reknar nordmenn med å bruke 5564 kroner på julegåver, ein auke på 26 kroner frå i fjor. Dette gir eit snitt per gåve på 555 kroner. Menn seier at dei har planar om å bruke 5144 kroner på gåver, medan kvinnene i snitt reknar med å bruke 5994 kroner.

Nå herjer lommetyvene:– Pass på julegavene

Ditt julestress kan bli tyvenes gullgruve

Dyrare gåver

Julehandel med kort.

Julehandelen med kort aukar også i år, trass i nye betalingsløysingar.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

I forhold til i fjor så er det ein auke på 44 kroner for menn og 13 kroner for kvinner.

– Undersøkinga tyder på at menn kjøper færre, men dyrare gåver enn kvinnene. Menn reknar med å bruke 676 kroner pr. gåve i snitt, ein auke på 37 kroner frå i fjor. Kvinner reknar med å bruke 441 kroner i snitt per gåve, og det er 17 kroner meir enn i fjor.

Julehandel-undersøkinga frå Nets er gjennomført av Kantar TNS.

Du kan forvente en brukt julegave under treet

Gjer seg klare for ekstra trykk veslejulaftan

AKTUELT NÅ