– Me reknar med at det blir den største dagen i år, seier Ørjan Alme og ser utover stablane med julevarer.
Alme er butikksjef på Coop Extra Kronborg. Han førebur seg på at butikken kjem til å vera full av folk på dagen før dagen.
– Me er klare til å jobbe mest mogleg etter stengetid slik at butikken er klar til me opnar veslejulaftan.
Ifølge butikksjefen er det mange som plar å vere seint ute med å få julematen i hus.
– Det er mange som vanlegvis handlar siste rest på sjølve juleaftan, så i år blir det nok bra trykk på veslejulaftan.
Handlar for milliardar
FOLK MÅ FORTE SEG: Bror Wilhelm Stende i Virke håpar folk har fått med seg at butikkane er stengd på julaftan. – No må alle forte seg å handle, seier han.
Foto: NRKButikksjefen på Kronborg i Førde kan få rett. Ifølge tal frå Virke handlar nordmenn for enorme summar dei aller siste dagane før jul.
– Vanlegvis handlar me for 550 millionar på julaftan når den er open for vanleg handel, seier Bror Wilhelm Stende, direktør for faghandel, mote og fritid i Virke.
Han trur det at butikkane er stengd på julaftan i år kan påverke korleis nordmenn gjer den siste julehandelen.
– Det kan nok fort bli ein travel dag i butikkane på veslejulaftan, seier Stende.
- Les meir:
– Me er klare
På Amfi Førde strøymer julemusikken frå alle høgtalarar. Senterleiar Mariann Njøsen er spent på korleis dei siste dagane før jul blir.
– Veslejulaftan pleier det å vera omtrent like mange innom som på Black Friday og nattope. Det er jo også ein god del innom på sjølve julaftan, så i år må jo alle dei ta turen før.
JULEKLAR: På Amfi Førde forventar dei mykje folk veslejulaftan. – Me har ekstra mange parkeringsvaktar sidan det er venta mykje bilar.
Foto: Arianrhod Engebø / NRKNjøsen fortel at det i fjor var om lag 1200 personar innom senteret på julaftan.
– Det er jo ganske mange menneske, så det blir hektisk viss så mange som kome i tillegg til resten på julaftan. Men me er klare for det!
- Les også:
Konfekt og bøker for dei treigaste
For ein del etternølarar kan ein tur innom ein bensinstasjon på julaftan bli redninga for julefreden i heimen. På Esso Førde er dei vand med å hjelpe folk med å få på plass dei siste gåvene.
KONFEKT OG REFLEKS: Dagleg leiar i Esso Førde, Jan Farsund, har gåveidèane klare til dei treigaste.
Foto: Arianrhod Engebø / NRK– Det er alltid nokon som kjem innom i siste liten, seier Jan Farsund, dagleg leiar Esso Førde.
Farsund fortel at det finst dei som ender med å kjøpe ein del julegåver hjå dei.
– Me har jo litt utval, bøker, konfekt og refleksar. Så me kan hjelpe dei som manglar dei siste presangane.