Hopp til innhold

Professor vil ha reglar for aksjehandel inn i lova

Reglane for korleis politikarar kan tene pengar privat bør bli strangare, meiner jusprofessor Karl Harald Søvig.

Karl Harald Søvig

Jusprofessor Karl Harald Søvig vil ha reglane for statsrådar og deira næraste inn i lov.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Gjennom sommaren har det vore fleire habilitetssaker både når det gjeld den sittande Støre-regjeringa, men også Solberg-regjeringa som gjekk av i 2021.

Kva reglar som gjeld for statsrådar og deira nærmaste er skrive ned i «Håndbok for politisk leiing». Dette er ei bok som er laga av Statsministerens kontor.

Men det er ikkje nok, meiner jusprofessor Karl Harald Søvig ved Universitetet i Bergen. Han vil ha ei innstramming som gjer at brot på reglane kan få konsekvensar.

– Når vi har hatt desse sakene, kan det vere grunn til å seie at dette må stå som lov og reglar. Då får det konsekvensar om ein bryt desse. Dersom ein bryt reglar i ei handbok, har ein berre brote nokre retningslinjer. Det er ikkje bindande, seier han til NRK.

Les også Investeringsøkonom om aksjehandel: – Ei enkel sak å hente transaksjonshistorikk

Erna Solberg snakker med Joe Biden

Men statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) avviser at det er aktuelt å lovfeste reglane, som han meiner er stramma godt inn allereie.

– Eg meiner det er veldig klart, og det er skjerpa dei siste vekene for å seie kva aktsemd er. Der står det at ein anten må selje, fryse eller setje bort det ein har av verdipapir. Då gjeld det langt på veg dei same reglane for ektefellar som for statsrådar.

Investeringar i koronatida

Dei siste vekene har investeringar Sindre Finnes gjorde medan kona Erna Solberg var statsminister fått mykje merksemd.

Måndag kom det fram at han dumpa aksjar same dag som Solberg-regjeringa stengde ned landet med strenge koronatiltak 12. mars 2020.

I tillegg selde han sine delar av eit fond som hadde spekulert i børsoppgang på Oslo Børs. Men børsen hadde ein kraftig nedgang på 9 prosent denne dagen, og Finnes tapte innsatsen.

– Handelen som blei gjort 12. mars 2020 var ei manuell sletting av 1700 delar av verdipapiret Bull OBX X10 ND gjort av forvaltaren på min aksjehandelskonto i Sbanken då papiret ikkje lenger hadde nokon verdi. Verdien av handelen er null. Verdipapiret blei sletta frå min VPS konto 13. mars kl. 20:08:10, skriv Finnes i ein e-post til NRK.

Seinare same år investerte Finnes i eit liknande produkt. I perioden mellom 3. og 9. september 2020 kjøpte Sindre Finnes 110.000 sertifikat av eit produkt der ein kunne tene pengar dersom Oslo Børs gjekk dårleg, skriv VG.

10. september 2020 varsla Solberg-regjeringa at det kunne komme innstrammingar i koronatiltaka. Blant det som blei vurdert var å avgrense kor mange som kunne vere til stades på offentlege arrangement og avgrense opningstidene til serveringsstader.

VG skriv at dei ikkje veit kva Finnes tente eller tapte på handlane i perioden.

Sindre Finnes og Erna Solberg på tribunen under kvinnenes cupfinale i 2020.

Sindre Finnes skal ha satsa pengar på at Oslo Børs skulle gå dårleg rett før Solberg-regjeringa vurderte innstrammingar i koronatiltaka i 2020. Her er Finnes og Solberg på kvinnenes cupfinale i fotball same år.

Foto: NTB

Hastemøte på Stortinget

Fleire har peikt på korleis alle habilitetssakene kan påverke tilliten veljarane har til norske politikarar.

Stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap) seier han ser svært alvorleg på desse sakene, og varslar eit hastemøte på Stortinget for å diskutere innstrammingar rundt aksjehandel for politikarar.

– Stortingets direktør har allereie fått ei bestilling på å legge fram ei sak for presidentskapen om heile regelverket rundt register og økonomiske interesser for stortingsrepresentantar, seier han til Dagbladet.

Saka blir behandla i eit møte i presidentskapen neste torsdag, får avisa stadfesta.

Les også Dette må du vite om Sindre Finnes' aksjehandler

Stortingsvalget 2017 SIndre Finnes

Økokrim har tidlegare sagt at dei vil vurdere om det er grunnlag for å etterforske Finnes-saka. Måndag seier Økokrim-sjef Pål Lønseth til VG at det vil ta nokre veker før dei vil avgjere om dei skal starte etterforsking eller ikkje.

Kontrollkomiteen i villreie

Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget skal behandle habilitetssakene i haust. Komiteen har blant anna som oppgåve å kontrollere at regjeringa gjennomfører den politikken Stortinget har vedteke.

For sakene som er knytt til dagens regjering, er det klart kva komiteen kan krevje av svar og dokumentasjon. Når det gjeld saka til Erna Solberg, og kva ein kan krevje frå ein tidlegare statsminister og hennar ektefelle, er saksordførar Grunde Almeland (V) litt meir usikker.

– Komiteen blir snart samla for å finne ut korleis vi kan behandle også denne saka på ein best mogeleg måte. Vi har også interesse av at forholda som er knytt til Erna Solberg og ektemannen hennar blir belyst tilstrekkeleg for offentlegheita.

Grunde Almeland

Saksordførar Grunde Almeland (V) seier Kontrollkomiteen skal undersøke korleis dei kan behandle ei sak mot ein tidlegare statsminister.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

I samband med saka med Stortingets pendlarbustader, blei det brukt ei spesiallov slik at Riksrevisjonen kunne gå inn og granske enkeltpersonar. Det kan bli aktuelt å gjere også i denne saka, seier Almeland.

– Absolutt. Det er eitt av alternativa vi må sjå på. Når vi gjer vår vurdering i haust, må vi sjå om vi har dei rette verkemidla til å belyse denne saka tilstrekkeleg. Og har vi ikkje det, må det komme fram i konklusjonen vi kjem med, slik at vi får sett eit ordentleg punktum for desse sakene, og sørger for at sakene blir tilstrekkeleg belyst.

AKTUELT NÅ