Hopp til innhold

Investeringsøkonom om aksjehandel: – Ei enkel sak å hente transaksjonshistorikk

Fire dagar etter at stemmeurnene stengde, blei dei omfattande handlane til Sindre Finnes lagt fram. Investeringsøkonom seier at slik informasjon er enkel å få tak i.

Erna Solberg snakker med Joe Biden

Erna Solberg og Sindre Finnes saman med Joe Biden i 2016.

Foto: Heiko Junge / NTB

Erna Solbergs ektemann, Sindre Finnes, gjorde 3650 ulike aksjehandlar medan Solberg var statsminister. Handlane heldt han skjult for omverda og kona.

– Eg har vore inhabil i saker eg har behandla då eg var statsminister, sa Solberg under pressekonferansen om ektemannens aksjehandlar.

Erna Solberg holder pressekonferanse om ektemannens aksjehandel

– Tillitsbrot er alltid vanskeleg, og ekstra vanskeleg i ein familie og eit ekteskap, sa Erna Solberg da ho heldt pressekonferanse om ektemannens aksjehandel.

Foto: Heiko Junge / NTB

1. september bad næringslivsavisa E24 Finnes om ei oversikt over alle aksjehandlane. Drygt to veker etter var lista klar.

I mellomtida var det lokalval.

Oversikta kunne kome før. Det meiner Mads Johannessen, som er investeringsøkonom i Nordnet.

– Det er enkelt å hente ut transaksjonshistorikk frå alle handlar som er utført.

Også frå år tilbake?

– Ja, det er fullt mogleg.

Mads Johannesen mener Elon Musk og Jack Ma har lik innflytelse på selskapenes aksjekurs.

Mads Johannesen, investeringsøkonom i Nordnet, seier at å hente ut transaksjonshistorikk er ein enkel sak.

Foto: Nordnet

Han viser mellom anna til årsoppgåva frå VPS-kontoar. Der synest alle kjøp, sal og gevinstar.

– Det er mogleg å hente ut informasjon på dagen. Det vil seie ganske umiddelbart. Men ved mange handlar tek det sjølvsagt noko tid.

Investeringsdirektør i Nordea, Robert Næss, seier til VG at det er enkelt å lage oversikt over aksjehandlar.

– Om det er dine egne handlar det er snakk om, er det berre å gå inn på nettet og logge inn på plattforma du handlar med, og så får du oversikta.

Her er tidslinja

– Henta ut manuelt

NRK har sendt påstandane til Finnes. Han har ikkje svart. Pressesjef i Høgre, Cato Husabø Fossen, skriv i ein e-post til NRK:

Det totale omfanget av Sindre Finnes sin aksjehandel kjente ingen i Høgre til før onsdag 13. september. Då overleverte Sindre ei oversikt til Erna, som også hennar nærmaste medarbeidarar fekk tilgang til.

Tida det tok for Finnes å utarbeide oversikta reflekterer ifølgje han at det har vore svært omfattande handel, over mange år og frå fleire ulike konti, som han har brukt tid på å stille saman. Blant anna går Finnes sin VPS-konto berre tilbake til 2019, alle opplysningar frå før dette er henta ut manuelt frå bank og likningspapir, skriv Fossen vidare.

Erna Solberg holder pressekonferanse om ektemannens aksjehandel

Pressesjef i Høgre, Cato Husabø Fossen, saman med partileiar Erna Solberg.

Foto: Heiko Junge / NTB

Etter at E24 skrev om Finnes sine aksjehandlar, bad dei om ei fullstendig oversikt.

– Det tok to veker frå E24 bad lista Finnes sine aksjehandlar, til den blei offentleg. Kva tenker du om det?

Det viste seg i går at denne lista var svært omfattande. At det tar noko tid å utarbeide ei liste over 3600 transaksjonar, det kan eg også har ein viss forståing for, svarer E24-redaktør Lars Håkon Grønning.

Lars Håkon Grønning, sjefredaktør i E24.

Lars Håkon Grønning, sjefredaktør i E24.

Foto: Jørgen Braastad / E24

– Ein konspirasjonsteori

At lista først blei offentleg etter valet har skapt spekulasjonar i sosiale medium.

Lista med aksjehandlane burde kanskje komme fram i media før valet, har LO-leiar Peggy Hessen Følsvik uttalt til NRK. Ho peikar på media.

– I så fall er det problematisk om nokon har sete på informasjon og ikkje har latt den komme fram med tanke på at vi står rett overfor eit val. Det meiner eg er alvorleg, og eg håper at media også går i seg sjølv og ettergår akkurat det.

 Peggy Hessen Følsvik i rød LO-tskjorte intervjuet av NRK i juni.

LO-leiar Peggy Hessen Følsvik.

Foto: Tom Balgaard / NRK

Eg oppfattar det som ein grov og alvorleg spekulasjon, som eg er overraska over at LO-leiaren kjem med.

Det seier sjefredaktøren i E24.

– Eg reagerer ganske sterk på at ein utan å ha noko faktagrunnlag vel å bruk så sterke ord i retninga av at media bevisst skal ha halde tilbake dette til over valet, seier Grønning.

Aftenpostens sjefredaktør Trine Eilertsen

Aftenpostens sjefredaktør, Trine Eilertsen.

Foto: Martin H. W. Zondag / NRK

Aftenposten-redaktør Trine Eilertsen seier at ho skvatt då ho høyrde utsegna frå Hessen Følsvik.

– Her er ein av Noregs mektigaste kvinner, som plukkar opp ein konspirasjonsteori som har sirkulert i sosiale medium i eit døgn nå. Eg forventar at LO-leiaren enten beklagar eller fortel kva ho bygger dette på, seier Eilertsen.

Laurdag kveld kommenterer Hessen Følsvik på Facebook.

– At eg bad pressa gå i seg sjølv, var eit utlaup for frustrasjon over kor lang tid dette har tatt. Det var ikkje eit angrep på pressa. Utan dyktige redaksjonar hadde saka framleis vore gravlagt.

– Det er Høgre, Erna Solberg og Sindre Finnes som kunne og burde ha vist meir openheit raskare. Punktum.

AKTUELT NÅ