Hopp til innhold

– Vi er langt unna likeverdige soningsforhold for kvinner og menn

Veronica Orderud etterlyser betre utdanningstilbod for kvinner i fengsel. Ho meiner hekling og sying ikkje er nok til å gjere kvinnelege innsette klare for eit lovlydig liv på utsida av fengselsmurane.

Veronica Orderud om tilbudet i norske kvinnefengsler.

TYDELEG: Veronica Orderud, som i dag jobbar som miljøterapeut i Frelsesarmeen, meiner det er ein lang veg å gå før kvinner og menn har likeverdige soningsforhold i norsk kriminalomsorg.

– Eg slapp billeg unna, for eg melde meg frivillig til reinhald og gartnaroppgåver for å sleppe arbeidsstova, opna Veronica Orderud då ho gjesta Ukeslutt laurdag.

På kvinnedagen 8. mars gjekk ho hardt ut mot det ho meiner er langt dårlegare tilbod for kvinnelege innsette enn for mannlege innsette. I ein kronikk i Aftenposten skreiv ho:

«Mens mannlige innsatte får tilbud om fagutdanning, har kvinnefengslene i 2018 fortsatt arbeidsstuer hvor det sys duker og hekles grytekluter».

Noko av bakgrunnen for kronikken var programmet «Kvinner bak murene» frå Trygdekontoret på NRK. Ho meiner framstillinga av soningsforholda for kvinner i norske fengsel ikkje er representativ.

Måtte sy veske

Orderud har sona 14 år i fengsel etter å ha blitt kjent skuldig i medverknad til overlagt drap. I dag jobbar ho som miljøterapeut i rusomsorga til Frelsesarmeen.

Då ho sjølv sat i fengsel gjorde ho mykje for å unngå det ho omtalar som «systova».

– Men eg hadde éi oppgåve. Eg skulle sy ei veske. Det blei ingenting som likna på ei veske, men eg hugsar at eg fekk kjemperos av dei tilsette kvar gong eg klarte å sy ein rett saum, fortel Orderud.

– Alt er for å gi kvinnelege innsette meistringskjensle, men eg føler at kjensla dessverre berre varer til fengselsmuren, seier ho vidare til NRK.

Forsvinn i eit hav av menn

Ho viser til at mannlege innsette har betre skuleavdelingar og eit arbeidstilbod som er større og meir arbeidslivsretta.

– Det er mange ting kvinner ikkje får tilbod om, rett og slett fordi ein meiner dei er for få og at det er for kostbart, seier Orderud.

Berre 5,2 prosent av alle innsette er kvinner, noko som vil seie at det sit i overkant av 200 kvinner i norske fengsel.

– Det er nok minoritetsproblematikk. Kvinner har vore usynlege i straffegjennomføring, seier Nils Leyell Finstad.

Fengselsleder ved Bredtveit kvinnefengsel, Nils Leyell Finstad.

LEIER KVINNEFENGSEL: Nils Leyell Finstad er leiar i Bredtveit fengsel og forvaringsanstalt. Han er tydeleg på at dei ikkje har systover.

Foto: Li-Lian Ahlskog Hou / NRK

– Inga systove

Han er fengselsleiar i Bredtveit fengsel og forvaringsanstalt, eit fengsel som berre husar kvinner. Han er einig i mykje av kritikken til Orderud, men ønskjer å nyansere:

– I dei store kvinnefengsla meiner eg utdanningstilbodet er like bra. Dei får ikkje det eksakt same tilbodet, men eg meiner det i stor grad er likeverdige forhold på utdanningssida, seier Finstad til NRK.

Han avviser kontant at det er snakk om systover.

– Vi har inga systove. Vi har ei arbeidsdrift med design og handverk, med fagutdanna tilsette. Orderud har rett i at det er ein del «kvinnesyslar», og eg tenkjer av og til sjølv at vi er litt gammaldagse, men dette er tilbod til innsette som slit.

Finstad viser til at svært mange av dei kvinnelege innsette slit med psykisk sjukdom.

– Arbeidsdrift i eit trygt miljø er då viktig. Sakte, men sikkert kan Grønland vaksenopplæring komme inn og tilby undervisning, seier han.

Veronica Orderud

KJEMPAR: Veronica Orderud ønskjer betre tilhøve for dei svakast stilte kvinnene i norske fengsel.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Viktigheita av utdanning

For der finst både vidaregåande utdanning, yrkesretta fag og førebuing til studiar – for kvinner og menn i norske fengsel, peiker Finstad på. Han viser òg til at kvinner på Bredtveit no har moglegheita til å ta ei fagutdanning som frisør.

– Nils har eit poeng, seier Orderud, som peiker på at ho ikkje pratar for alle kvinnelege innsette.

– Men veldig mange er ressurssvake i utgangspunktet og har ramla ut av skulen tidleg. Då er det ei enorm oppgåve å kvalifisere desse kvinnene for eit lovlydig liv på utsida av fengselsmurane. Det kan ikkje vere slik at vi skal vere fornøgde med at dei får ei meistringskjensle, meiner ho.

Orderud kom ut igjen i samfunnet i 2015. Ho er tydeleg på at det skjer positive ting for ressurssvake kvinner i norske fengsel, men at ein framleis har ein lang veg å gå. Ho får støtte frå fengselsleiar Finstad:

– Vi har ein lang veg å gå på fleire område og eg håper Veronica Orderud blir med vidare i kampen for likeverdige forhold.

Veronica Orderud møtte til debatt i Ukeslutt, etter en kronikk i Aftenposten.

Sjå heile intervjuet med Veronica Orderud og fengselsleiar Nils Leyell Finstad ved Bredtveit kvinnefengsel.

AKTUELT NÅ