Hopp til innhold

Venstre varslar omkamp om «oktoberbarna»

Det kan bli harde konfrontasjonar når Venstre møter Frp til regjeringsforhandlingar tysdag. Dei omstridde asylbarna står høgt på partiets agenda.

Ketil Kjenseth

PÅ FORHANDLINGSBORDET: Innvandringspolitisk talsperson i Venstre, Ketil Kjenseth, seier partiet vil leggje fleire forslag på bordet for å kjempe for dei såkalla "oktoberbarna".

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

– For Venstre er barn og mindreårige ei kampsak. Derfor er det ikkje unaturleg for oss å ta kampen, seier innvandringspolitisk talsperson i Venstre, Ketil Kjenseth.

Dermed kan det bli tøffe forhandlingar på asylfeltet mellom Venstre, Høgre og Framstegspartiet som går inn i regjeringsforhandlingar tysdag.

Fleire i Venstre er kritisk til at Venstre går inn i regjering dersom Listhaug framleis får vere innvandringsminister. På den andre sida krev fleire fylkesleiarar i Frp å frede Listhaug. Frp-leiar Siv Jensen har også sagt at det er uaktuelt for dei å gå med på ein meir liberal asylpolitikk.

Denne konflikten vil ikkje Kjenseth kommentere.

Fleire mindreårige med midlertidig opphald

Etter flyktningbølgja i 2015 kom regjeringa og innvandringsminister Sylvi Listhaug med ei rekkje innstrammingar i flyktning- og asylpolitikken.

Eit av forslaga som fekk fleirtal i Stortinget, var oppheving av «rimelegheitskravet», som gjer at asylsøkjarar kan bli sendte tilbake til internflukt i andre delar av heimlandet eller nærområdet.

Denne endringa, samt ein instruks i behandlinga, har ifølgje Norsk organisasjon for asylsøkjarar (NOAS) ført til at fleire mindreårige berre får midlertidig opphald og kan bli returnerte etter fylte 18 år, dei såkalla «oktoberbarna».

Vil gå lenger enn stortingsfleirtalet

Kjenseth utelukkar ikkje at ein omkamp om denne praksisen er aktuell i regjeringsforhandlingane.

– Vi tek med oss fleire punkt, og må sjå kva som er mogleg å rikke på.

Venstre forsøkte å gjeninnføre «rimelegheitskravet» med eit forslag i Stortinget, men vart nedstemt av regjeringspartia saman med Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

Partilederne i Høyre, Frp, KrF og Venstre med oppsummering av første halvår 2017.

MÅ BLI EINIG: Tysdag møtast Venstre-leiar Trine Skei Grande, Frp-leiar Siv Jensen og statsminister Erna Solberg (Høgre) til regjeringsforhandlingar på Hotell Jeløy Radio i Moss.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Likevel meiner Kjenseth det kan vere rom for ein omkamp i forhandling med Høgre og Frp.

– Noreg er eit av få land som har fjerna dette kravet. Dessutan har vi alt praksis for dette, og det hadde vore enklare å implementere enn ei ny form som Stortinget har bedt om.

– Listhaug betre på retorikk enn politikk

Kjenseth viser til Arbeidarpartiet sitt hasteforslag om ei ny behandling for «oktoberbarna» med vekt på skjønn, som fekk fleirtal i Stortinget i november. Opposisjonen har reagert på at regjeringa enda ikkje har følgt Stortingets vedtak.

– Eg registrerer at dette har tatt tid. Sylvi Listhaug er betre på retorikk enn politikk. Ho må ta omsyn til Stortinget, der fleirtalet er for ei lita oppmjuking når det gjeld mindreårige.

Listhaugs rådgjevar, Espen Teigen, seier statsråden ikkje er tilgjengeleg for kommentar i romjula.

Kjenseth vedgår at det kan vere vanskeleg å få gjennom ei sak som ikkje stortingsfleirtalet står bak, men peikar på at Venstre og KrF har pressa gjennom saker før.

– Vi har busett fleire, og sikra opphald for fleire asylbarn, enn den førre regjeringa. Så er vi einig med Frp i at dei som ikkje har krav på opphald, skal returnerast så raskt som råd, seier han.

– Forhandlar ikkje i media

Finansminister og Frp-leiar Siv Jensen ynskjer ikkje å kommentere saka, men seier gjennom sin pressekontakt, Petter Kvinge Tvedt, at partiet ikkje vil forhandle i media. Men ho svarer generelt at:

– Frp er oppteken av å føre ein streng og rettferdig asylpolitikk. Det har dei siste åra vist oss betydning av, skriv Jensen.

AKTUELT NÅ