NRK Meny
Normal

– Grove våpen-feil i kommisjonsrapporten

Våpenkyndige meiner det er grove faktafeil i 22. juli-kommisjonen sitt grunnlag for å forby halvautomatiske våpen i Noreg. – Dersom resten av kommisjonsrapporten er like slett venstrehandsarbeid, er det skremmande, meiner presidenten i Våpenrådet.

Alexandra Bech Gjørv foran storskjerm med Breiviks våpen

Leiaren av 22.juli-kommisjonen vil totalforby halvautomatiske våpen i Noreg.

Den 22. juli hadde Anders Behring Breivik med seg to skytevåpen ut til Utøya: ein halvautomatisk 9 mm pistol, Glock 34, og ei halvautomatisk rifle av typen Mini Ruger.

Gjerningsmannen hadde kjøpt begge våpna på lovleg vis i sports- og våpenbutikkar i Oslo og i Østfold.

22. juli-kommisjonen har i sine vurderingar av beredskapen i Noreg gått gjennom ulike sider ved våpenlovgjevinga i Noreg. Kommisjonen konkluderer med at politikarane bør innføra eit forbod mot alle halvautomatiske våpen.

Dersom Justis- og beredskapsdepartementet lyttar til kommisjonen, vil det få konsekvensar for både konkurranseskyttarar og jegerar. Det vil til dømes vera spikeren i kista for nesten all pistolskyting i Noreg, seier fleire våpenrelaterte interesse- og bransjeorganisasjonar som NRK har snakka med.

Dei reagerer kraftig på det faktagrunnlaget som kommisjonen legg til grunn for å tilrå eit slikt totalforbod mot alle halvautomatiske våpen.

– Våpenkyndige stussar når dei oppdagar fagleg grove feil i ein slik rapport. Det ser ut som om dei skriv om ting dei ikkje har peiling på, seier jaktkonsulent i Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF), Vidar Nilsen.

– Direkte faktafeil

Vidar Nilsen i Norges Jeger- og fiskerforbund

Jaktkonsulent Steinar Nilsen i Norges Jeger- og fiskerforbund seier 22. juli-kommisjonen feilopplyser i rapporten sin.

Foto: NJFF

I kapittel 17, om våpen og kjemikaliar, skriv kommisjonen blant anna at:

  • «Mange halvautomatiske våpen kan omgjøres til helautomatiske våpen. Dette kan skje ved kjøp av ekstrautstyr som nye magasiner»
  • «Det bør etableres et forbud mot anskaffelse av halvautomatiske våpen og våpendeler som kan gjøre vanlige skytevåpen om til halvautomatiske våpen»

Her kan du lesa heile rapporten til 22. juli-kommisjonen

– Dette er direkte faktafeil. Eit halvautomatisk våpen blir ikkje heilautomatisk ved å setja inn eit anna magasin. Det er heller ikkje mogleg for ein privatperson å byggja om eit manuelt våpen til eit halvautomatisk, seier jaktkonsulenten i NJFF.

– Det er som å seia at ein bil med manuell gir får automatgir ved å byta ut hengjarfeste, nemner han som eit døme.

Også presidenten i Våpenrådet, organisasjonen for norsk våpenbransje, reagerer på opplysningane til kommisjonen.

– Det med magasinet er heilt klart berre tull. Eg vil også gjerne veta kva delar som kan gjera vanlege skytevåpen om til halvautomatiske. Dette er to heilt forskjellige konstruksjonar, og ingen delar eg kjenner til kan endra på det, seier Randulf Tønnessen.

– Dersom resten av kommisjonsrapporten er like slett venstrehandsarbeid som kapitlet om våpen, er det skremmande, legg han til.

NRK har vore i kontakt med 22. juli-kommisjonen som ikkje ønskjer å kommentera denne saka.

«Jeg har snakket med kommisjonen og sekretariatsleder og de ønsker ikke å kommentere dette», svarar 22. juli-kommisjonen sin pressekontakt, Claus Sonberg, i ein e-post til NRK.no.

Riflen politiet beslagla fra Breivik, med inskripsjonen "Gugnir"

Politidirektoratet har gitt dispensasjon til å eiga 21 ulike modellar av halvautomatiske rifler til jakt eller konkurranseskyting. Ruger Mini 14, som Breivik brukte på Utøya, er på denne lista.

Foto: Politiet

– Dette er alvorleg

Vidar Nilsen i NJFF og Tønnessen i Våpenrådet var to av åtte medlemmer i Våpenutvalet, som leverte si innstilling til ny Våpenlov til Justis- og beredskapsdepartementet i desember i fjor.

Våpenutvalet vil ikkje ha eit forbod mot halvautomatiske våpen, men tek til orde for mindre innskjerpingar. Det skjer til tross for at politiet sine representantar i utvalet klart ønskjer seg eit forbod.

Her kan du lesa heile vurderinga til Våpenutvalet.

Jaktkonsulenten er skeptisk til om kommisjonen har sett seg grundig nok inn i dei aktuelle problemstillingane rundt ulike våpenkonstruksjonar.

– I og med at det er såpass mange faglege feil i våpenkapitlet, kan det synast som om denne delen er ganske slett behandla. Eg oppfattar det som at kommisjonen har plukka sitat og brotstykke frå Våpenutvalet si innstilling utan å ha handsama materialet godt nok, uttalar Nilsen.

Både Norges Jeger- og Fiskerforbund og Våpenrådet meiner dette er alvorleg, fordi kommisjonen dermed har lagt feilaktige premiss til grunn for sin konklusjon om å forby halvautomatiske våpen.

– Eit generelt forbod mot alle halvautomatiske våpen er heilt på trynet. Då kan me leggja ned alt som heiter i pistolskyting. Det er ikkje dei våpna som i dag er lovlege som er problemet, det er dei ulovlege våpna politiet bør setja inn kreftene mot, seier presidenten i Våpenrådet.

Våpenekspert Jens Pettersen i Det frivillige skyttervesen har også uttrykt frustrasjon over kommisjons-forslaget.

Nilsen i NJFF meiner dessutan at kommisjonen tek feil når dei skriv at «halvautomatiske våpen har lite med norsk jakttradisjon å gjøre».

– Mange jegerar brukar halvautomatiske hagler. Halvautomatiske rifler blir også stadig meir populært, blant anna til elgjakt. Slike våpen betrar jakta, fordi det gir moglegheit for eit raskare og meir presist oppfølgningsskot. Dermed unngår ein i støre grad ettersøk og liding for dyret, seier jaktkonsulenten.

Bilde av Glock-pistolen Breivik brukte, med "Mjolnir" risset inn

Den halvautomatiske Glock-pistolen som Breivik kjøpte på Intersport i Bogstadveien i Oslo for 7700 kroner i mars 2011.

Foto: Politiet

Applauderer andre våpen-forslag

Nokre av tiltaka som kommisjonen føreslår, haustar likevel ros hjå Jegerorganisasjonen og våpenbransjen.

– Me må ha eit heilt nytt våpenregister, det eksisterande er for dårleg. I tillegg bør våpenamnestiordninga bli permanent, og våpenregisteret bør kryssjekkast opp mot strafferegisteret. Det skulle berre mangla at våpeneigarar med kriminelt rulleblad blir fråtekne våpna sine, seier Tønnessen i Våpenrådet.

– Strengare kontrollar og oppfølging ønskjer me hjartleg velkomen. Det er berre tullete at ein skal kunne ta jegerprøven og få våpenløyve som 18 åring og ha dette til du døyr, utan å ha vore i skogen ein einaste gong. Det er bra om styresmaktene vil gå våpen-eigarane grundigare etter i saumane, poengterer Nilsen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger