Hopp til innhold

Uføretrygda får pensjonskutt

Regjeringa vil kutta i pensjonen til uføretrygda, viser eit hemmeleg, internt notat frå Arbeidsdepartementet som NRK har fått.

Uførepensjonen er no ikkje berre oppe av skuffa, men også øvst på dagsorden i regjeringa. Eit internt notat som Arbeidsdepartementet har laga, viser at regjeringa ønskjer kutt på titusenvis av kroner i pensjonen til einskilde uføre, samanlikna med dagens system.

Notatet skulle vera hemmeleg. No har det leke ut av regjeringskontora.

Fire av ti uføretrygda

Om du vert sjuk og mistar inntekta di, får du uføretrygd. Når du blir pensjonist, får du alderspensjon. Men pensjonsreformen som Stortinget har vedteke går ut på at ein i framtida skal få meir pensjon jo meir ein jobbar. Om uføretrygda er for god, kan fleire bli freista til å la vera å arbeida. Det er argumentet for å senka uførepensjonen.

I dag er fire av ti uføretrygda når dei vert alderspensjonistar.

Berekningar viser at mange uføre vil få svært låg pensjon om dei skal følgja arbeidslinja i den nye Folketrygda som Stortinget har vedteke.

– Angår ekstremt mange

Magnus E. Marsdal

Dagleg leiar i Manifest senter for samfunnsanalyse, Magnus Marsdal, seier mange har grunn til å frykta pensjonskutt.

Foto: NRK

Dagleg leiar i Manifest senter for samfunnsanalyse, Magnus Marsdal, seier mange har grunn til å frykta pensjonskutt.

– Uføresaka angår ekstremt mange. Innstrammingane som vert diskuterte i regjeringa no kan føra til at ein som har 200 000 i pensjon i dagens system, kan kuttast ned til 150 00 i året å leva for. Det vil i tilfelle vera ei total overkøyring av LO, seier Marsdal.

LO vil kjempa

LO-sjef, Roar Flåthen, er klar til å kjempa for å behalda dagens nivå på pensjonen.

– Me er opptekne av at uførepensjonen ikkje blir noko dårlegare i eit nytt system. Uførepensjonen må også i framtida vera eit godt sosialt sikkerheitsnett.

Flåthen påpeiker også behovet for gode skjermingsreglar.

– Dei som går frå uføre til pensjon vil ikkje ha dei same mogelegheitene til å kompensera for levealdersjustering som dei som går frå arbeid til pensjon. Difor er gode skjermingsreglar viktig.

– Har ikkje konkludert

Statssekretæren i Arbeidsdepartementet, Jan-Erik Støstad seier at ingenting er bestemt enno.

– Me arbeider med å sikra ein god uførepensjon også for framtida. Eg vil understreka at regjeringa ikkje har konkludert i saka.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger