Hopp til innhold

Tusenvis samla til festing i parkane i natt

Rundt 3000 ungdommar har i natt vore samla i parkane i Oslo. I Sandefjord var nær 1500 samla til rånartreff, og i Trondheim er politiet bekymra for at folk skal gløyme at vi framleis er i ein pandemi.

Veldig mange samla i Nygårdsparken laurdag

MYKJE FOLK: Fleire hundre ungdommar var i natt samla i Nygårdsparken i Bergen sentrum.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Natt til søndag var rundt 2000 menneske samla i parken på Sankthanshaugen i Oslo.

I Frognerparken i Oslo var det opp mot 1000 til stades laurdag kveld, ifølgje operasjonsleiar Gjermund Stokkli i Oslo-politiet.

– Mange var rusa, men det var ikkje mykje ordensforstyrringar, og stemninga har vore god, seier Stokkli til NRK.

Ifølgje politiet var det ved totida framleis mange hundre menneske i parkane, sjølv om mange då hadde gått heim.

I Bergen opplyser NRKs reporter at det var svært mange folk, mykje støy og mykje søppel i Nygårdsparken i sentrum laurdag kveld.

Søndag morgon har Bergen kommune måtte sende ut ein entreprenør for å rydde opp etter festinga i Nygårdsparken. Ryddejobben tok over fem timar, og sju billass med søppel har blitt køyrt vekk, skriv BT.

Søppel i parken på St. Hanshaugen

SØPPEL: Søndag morgon var det synlege restar etter nattas samlingar på Sankthanshaugen i Oslo.

Foto: André Børke / NRK

– Dårleg smittevern

Operasjonsleiar Stokkli i Oslo seier at smittevernet nok har vore dårleg, men at dei ikkje har arrestert nokon eller aktivt gått inn og brote opp festar.

Mange folk var samlet i parken på Sankthanshaugen den første helgen etter gjenåpningen

SAMLA: Mange menneske samla seg i parken på Sankthanshaugen i Oslo laurdag kveld.

Foto: Tipser

Til Dagbladet som skreiv om parkfesten først, opplyser Stokkli at det var nærare 1000 menneske samla i Frognerparken. Der skal folk følgt smittevernreglane betre.

– I Frognerparken har det òg ved eit par høve vorte fyrte av fyrverkeri. Det er ikkje lov, men vi har ikkje fått nokon meldingar om at folk skal vere skadd, seier Stokkli.

Søndag morgon seier politiet i Oslo at det stort sett har gått roleg for seg, men at det har vore mangelfullt smittevern fleire stader.

– Folk er kanskje litt tett på, og det er mangelfull bruk av munnbind her og der. Når folk har inntatt alkohol, gløymer ein kanskje å halde avstand. Det er gitt nokre pålegg om å halde avstand, og vi har snakka med ein del personar, men det er ikkje oppretta saker, seier operasjonsleiar Per Ivar Iversen.

Søppel i parken på Sankthanshaugen
Foto: André Børke / NRK
Søppel i parken på Sankthaugen
Foto: André Børke / NRK
En person knyter sammen en sekk med søppel i parken på Sankthaugen
Foto: André Børke / NRK

Politiet i Trøndelag: – Bekymra

I Trøndelag har politiet hatt ei travel natt med over 60 loggførte hendingar med forstyrring av natteroa, bråk og vald. Folk har samla seg feire plassar, melder dei.

– Natta har vore av det travle slaget for vår del. Vi har også hatt nokre alvorlege valdshendingar som har kravd mykje ressursar av oss, seier operasjonsleiar Roger Mogstad hos politiet i Trøndelag til NRK.

Etter å ha hatt låge smittetal dei siste månadene, er Trondheim no inne i ein ny smittetopp. Den siste veka har smitten vore stigande, og den er høgare enn på fleire månader.

Smitteutviklinga gjer at politiet ser med bekymring på at så mange folk samlast og festar i finvêret.

– Det er litt urovekkande, spesielt sett opp mot veksten av smitte som er her i Trøndelag, og i Trondheim spesielt. Det er noko vi ser på med bekymring. Vi har forståing for at folk vil ut og ha litt aktivitet og sosial omgang, spesielt no i det gode vêret, men vi må ikkje gløyme at vi framleis er i ein pandemi, seier Mogstad.

Flere personer er samlet ved Festningen i Trondheim

FESTING I TRONDHEIM: Mange hadde samla seg ute i finvêret i Trondheim laurdag kveld.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Over 1000 rånarar samla

I Vestfold var mellom 300 og 500 biler og 1000–1500 personar seint laurdag kveld samla til rånartreff ved Borgeskogen i Stokke i Sandefjord kommune.

Politiet har vore til stades med fleire patruljar, men har ikkje fått melding om bråk.

– Vi var der for å førebyggje. Vi hadde ingen moglegheit til å gå inn blant bilane fordi dei var så mange. Dei fleste oppførte seg bra på staden. Men det er umogleg å sikre smittevernet når dei er så mange, seier operasjonsleiar Anne Meyer i Sør-Aust politidistrikt.

Ho seier det kan vere aktuelt å gjere noko for å unngå liknande treff i framtida, men seier politiet då er avhengig av tips på førehand.

– Kva tenker politiet om at så mange møtast?

– Det er ikkje bra i det heile tatt. No er det ikkje så lenge til ein kanskje kan møtast fleire. Men om ein ikkje følger reglane no, kan konsekvensen vere at samfunnet må stengjast ned igjen, seier Meyer.

Rundt 500 biler var samlet på rånetreffet på Borgeskogen i Sandefjord lørdag kveld.

RÅNARAR: 1000–1500 rånarar var samla til treff i Stokke laurdag kveld.

Foto: Geir Eriksen

Bråk, fest og vald: – Sjeldan vi opplever så mange oppdrag

I Enebakk melder politiet om at det har vore russebråk. Dei har gripe inn, dempa støyen og sendt dei vidare, skriv politiet på Twitter.

Også i Stavanger måtte politiet seie frå då russen festa med høg musikk på ferjekaia i Mekjarvik i Randaberg. Det var og ganske amper stemning der, skriv politiet i Sør-Vest.

I Møre og Romsdal melder politiet om ei travel natt med over 40 loggførte hendingar, men inga alvorlege.

– Folk har ikkje tatt omsyn til omgjevnadane sine, skriv dei på Twitter.

John Bratland, operasjonsleiar i politiet, seier til NRK at dei ikkje har hatt kapasitet til å rykke ut på alle hendingane.

– Natta er prega av at folk har vore ute, nytt det fine vêret og hatt lyst å ha seg ein fest. Det er sjeldan vi opplever så mange oppdrag i løpet av ei natt. Mykje av dette er ordensforstyrringar og forstyrring av natteroa, seier Bratland.

Operasjonsleiaren fortel at dei har sett ei tydeleg endring som følge av koronapandemien og innskrenkingar i skjenketida på byen.

– Dei utfordringane som ein før hadde knytt til utelivet, har flytta seg til private adresser og festar på samlingsplassar ute. Dermed blir det ein del klager på ordensforstyrringar som følge av dette.

Bratland fortel at mange har følgt politiet sine oppmodingar om å dempe støyen, men ikkje alle.

I Volda gjekk ein mann i midten av 20-åra til angrep på ein polititenestemann. Tenestemannen blei ikkje skadd og mannen blir meldt for angrepet.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger