Hopp til innhold

Kjennest det rart å vera sosial igjen? Da er du heilt normal

Gjenopninga i Noreg er godt i gang. Me har lov til å byrja å møta kvarandre igjen. Det kan vera uvant etter eit år med sosiale restriksjonar.

Sofienbergparken

Gjenopninga er godt i gang og mange gler seg over å kunne vere meir sosiale i det fine været.

Foto: Ingrid Stolpestad / NRK

Store delar av landet er no i fase to i gjenopningsplanen.

Studentane Kamilla Torgersen og Ida Kristine Hovden er glade for at samfunnet skal opna opp igjen, og gler seg til å vera meir sosiale i tida framover.

Likevel synest dei det er litt rart å sjå så mange folk i byen igjen.

– Eg tenkjer me er vanedyr. På same måten som me har vent oss til livet under korona, så vil me venna oss til det normale livet igjen òg, meiner Hovden.

– Ei mental omstilling

Thorgeir Kolshus er sosialantropolog ved OsloMet. Han seier at vår fordel som menneske er at me er tilpassingsdyktige.

Thorgeir Kolshus. Sosialantroprolog. OsloMet

Thorgeir Kolshus er spent på korleis korona har påverka sosiabiliteten vår.

Foto: Sonja Balci

– Me venner oss fort til nye tilstandar, men det betyr også at me slår oss til ro med ein del tilstandar som er mindre optimale, seier han.

Å venna oss til den gamle normalen, krev ei mental omstilling, meiner han.

Sosialantropologen seier at det vil vera ein normal reaksjon å heller halda seg heime ein fredags kveld, enn å ta del i sosialt samvær.

– Nokre hiv seg rett ut i feiringa av den nyvunne fridommen, medan andre treng opptrening. Sosiale ting er ikkje ein ekstremsport, men det krev kondisjon, seier Kolshus.

Ver snill med deg sjølv

– Det er viktig at me framleis har respekt for andre og at me reagerer ulikt, seier psykolog Maria A. Østhassel som står bak den populære TikTok-profilen psyktdeg.

Ho trur alle vil ha ulike reaksjonar på at samfunnet opnar meir opp. Nokre kan få ei slags 8. mai-kjensle når restriksjonane lettar og sommaren er på veg.

Psykolog Maria Østhassel

Maria Østhassel er psykologen bak profilen psyktdeg på TikTok. Ho seier det er viktig å hugse på at alle er forskjellige og har ulikt behov for å vere sosiale.

Foto: Kristoffer Myhre

Andre kan bli meir engstelege fordi dei ser at folk kanskje ikkje bryr seg like mykje om reglane eller er mindre omsynsfulle.

Østhassel meiner at dei fleste menneske har behov for å vera sosiale, men at det er lov å ta tilbake det sosiale livet gradvis.

– Det er viktig å vera snill med seg sjølv, og ikkje tenkja at ein må vera sosial heile tida sjølv om det er lov, seier ho.

Ein overgangsperiode

Jørgen Dalen er åtferdsspesialist. Han jobbar mykje med åtferdsendring og kva som skal til for å kvitta seg med gamle vanar og kva som skal til for å etablera nye.

Jørgen Dalen

Jørgen Dalen håpar ingen får dårleg samvit for å vere sosiale igjen og seier at det er viktig å ta endringane som kjem steg for steg.

Foto: Mindshift

Han trur ikkje evna vår til å vera sosiale er øydelagt etter eit år med lite sosiale kontakt og at me vil klare å gå tilbake til vanleg åtferd.

– Det er vanleg å grua seg til ting ein ikkje har gjort på ein stund. Det er menneskeleg, men eg trur det er eit forbigåande fenomen, seier han.

Han trur det vil vera eit fåtal som hoppar inn igjen i gamle vanar innan kort tid. For dei fleste vil det vere ein overgangsperiode der ein er ambivalent til det som skjer.

– Det blir ein kombinasjon av at ein har veldig lyst, men samtidig held litt tilbake, seier Dalen.

Kamilla Torgersen og Ida Kristine Hovden.

Studentane Kamilla og Ida Kristine er glad for at dei kan vera meir sosiale, men håpar at alle framleis respekterer dei restriksjonane som gjeld.

Foto: Ingeborg Kløve-Graue / NRK

Studentane Torgersen og Hovden skulle fredag ha sommaravslutning og få møta fleire av medstudentane sine. Det gledde dei seg til, men var også spente.

– No har me hatt digital undervising i eitt år. Då mista me det sosiale samværet ein vanlegvis har på skulen. Eg er veldig spent på korleis det blir å møta fleire av medstudentane i verkelegheita, seier Hovden.

AKTUELT NÅ