Hopp til innhold

Statsministeren seier at Noreg ikkje kjem med reaksjonar mot Russland enno

Statsminister Erna Solberg seier til NRK at Noreg førebels ikkje vil kome med reaksjonar mot Russland etter at PST har sikta ein norsk statsborgar for spionasje til fordel for Russland.

Erna Solberg, 18082020

– Vi skal ikkje forhåndskonkludera det som er ein rettsprosess, seier statsminister Erna Solberg til NRK om Noregs eventuelle reaksjonar mot Russland etter PSTs sikting mot ein norsk statsborgar for spionasje.

Foto: Ole Berg-Rusten / Ole Berg-Rusten

Ein mann i 50-åra blei laurdag pågrepen i ein politiaksjon på ein restaurant i Oslo, sikta for spionasje for Russland. Mannen har vedgått å ha seld informasjon, og er varetektsfengsla i fire veker. Men han nektar straffskuld.

På spørsmål frå NRK om Noreg vil utvise nokon etter dette, svarar statsministeren:

– Vi har for augneblikket ikkje fastsett reaksjonar, eller anna, på ei sak som er under etterforsking, og som faktisk må bli etterforska meir før vi kjem med reaksjonar på dette.

Solberg understrekar at saka verken har ein dom eller er ferdig etterforska.

– Dette er ei sak som framleis er i etterforskingsfasen. Å spekulere i kva som blir resultatet for vårt forhold til Russland, det trur eg vi skal vente med å sjå, seier statsministeren.

Ho vart informert om pågripelsen laurdag.

– Eg vart orientert etter arrestasjonen, rett og slett fordi det kan påverke vårt forhold til andre land, og då er det naturleg at statsministeren og utanrikstenesta blir orientert, seier Solberg.

– Det er ei kjent sak at tenestene våre har åtvara mot spionasje, også mot næringslivet vårt sin teknologi og kunnskap, påpeikar ho.

Erna Solberg understrekar at saka verken er ei dom eller ferdig etterforska.

Erna Solberg understrekar at saka verken er ei dom eller ferdig etterforska.

Hadde ikkje tryggingsklarering

Den siktede mannen vart tilsett i DNV GL (Det Norske Veritas). Pressetalsmann i bedrifta, Per Wiggo Richardsen, opplyser tysdag ettermiddag at mannen ikkje hadde kontakt med forsvarssektoren gjennom stillinga i DNV.

– Han har ikkje hatt ein tryggingsklarering. Det betyr at han ikkje har jobba på prosjekt for forsvarsindustri, Forsvaret sjølv, eller prosjekt der kundar krev slik tryggingsklarering.

Richardsen seier at mannen har vore tilsett i olje- og gassavdelinga i bedrifta, der han bland anna har vore prosjektleiar, og kome i kontakt med ein del kundar.

DNV arbetar no aktivt med å nå desse kundane.

– Vi har lagt stor vekt på komme i kontakt med kundar, å sjå kva informasjon vi kan dele med kundar, og dele han med kundar. Det arbeidet går i dag føre seg, og kjem sikkert til å gå føre seg framover. Kundar blir naturleg nok bekymra, akkurat som vi er bekymra seier Richardsen.

Sjeldan sikting

Den sikta har tidlegare vore tilsett som forskar i forskningsinstituttet Sintef. Direktør for strategi og kommunikasjon, Vincent Wego Fleischer fortel til Adresseavisen at dei no kartlegg kva den sikta jobba med då han var tilsett hos dei.

– Vi vet ikkje så mykje om situasjonen på noverande tidspunkt, men det er urovekkande at det tilsynelatande har vore spionasje mot norske interesser.

Mannen er sikta etter paragrafane 123 og 124 i straffeloven om «avsløring av statshemmelegheiter» og «grov avsløring av statshemmelegheiter».

Det er svært sjeldan at desse paragrafane blir brukte. Leiaren for gruppa til forsvarsadvokatane i Advokatforeningen, Marius Dietrichson, sa måndag at det er første gong paragraf 124 blir brukt i ei sikting etter at den nye lova blei vedteken i 2005.

Pensjonert offiser og tidlegare leiar av etterretningsgruppa E14, Ola Kaldager, meiner vi må nesten 40 år tilbake for å finne ei liknande sak.

– Ser ein på straffeparagrafane han er sikta for, er det alvorlege saker. Så vidt eg kan hugse må vi tilbake til Treholt-saka for å finne noko liknande.

Mikhail Botsjkarjov

Den russiske mannen som vart sikta for spionasje etter ein konferanse på Stortinget i 2018 blir intervjua av media.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Måtte trekkje anke i 2018

I 2018 måtte PST trekkje anken mot ein spion-siktet russer, Mikhail Botsjkarov, etter at han sat fengselet i nesten ein månad. Botsjkarjov drog då heim til Moskva.

Botsjkarjov vart sikta for spionasje etter at han deltok i ein konferanse på Stortinget. Deltakarane i konferansen var administrative tilsette i ulike europeiske parlament. Botsjkarjov var mistenkt for å ha drive ulovleg etterretningsarbeid under konferansen.

Mannen skal ha dukka opp på stader der det var fleire skrivarar, og vore unormalt oppteke av å sjå folks tilgjengekort.

Det russiske utanriksdepartementet hadde då bede om ein formell beklagelse frå Noregs side, og før det vart klart at saka skulle leggjast bort trua Russland med kraftige reaksjonar.

Ueinige om konsekvensar

Ola Kaldager

Tidlegare etterretningstopp Ola Kaldager trur Noreg kjem til å utvise ein eller fleire russiske diplomatar på grunn av spionsaka.

Foto: Kari Skeie / NRK

Då politiet aksjonerte, var mannen saman med det PST meiner er ein russisk agent. Ifølge vitne VG har snakka med, skal politiet også ha undersøkt baggen til russaren.

Kaldager trur denne saka får konsekvensar for forholdet mellom Noreg og Russland, og at norske styresmakter snart vil reagere.

– Eg trur det er ein eller fleire personar som no gjer seg klar til å forlate den russiske ambassaden. Denne føringsoffiseren eller diplomaten kjem til å bli utvist. Det er normal prosedyre, seier han til NRK.

Ingerid Opdahl

Forskar ved Institutt for forsvarsstudium, Ingerid Opdahl meiner det er for tidleg å si kva saka har å si for forholdet mellom Noreg og Russland.

Ingerid Maria Opdahl er forskar ved Seksjon for sikkerheitspolitikk ved Institutt for forsvarsstudium. Ho seier det enno er for tidleg å si kva dette har å si for forholdet mellom Noreg og Russland.

– Det kjem an på korleis saka utviklar seg, ikkje minst kva omfang det er snakk om.

Opdahl seier det uansett ikkje er positivt for dei som driv etterretning at dette kjem fram i offentlighetens søkelys. Dersom saka fører til ein utvising, vil det ifølge forskaren vere ein tydeleg reaksjon.

Forsker Tor Bukkvoll ved Forsvarets Forskningsinstitutt

Seniorforskar ved Forsvarets forskningsinstitutt og Russland-ekspert, Tor Bukkvoll.

Foto: FFI

Seniorforskar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI), Tor Bukkvoll, trur derimot at saka vil få små konsekvensar.

– Dette kjem til å bety veldig lite for forholdet mellom Noreg og Russland. Det er ingen som blir overraska av at Russland driv med spionasje i Noreg, seier han.

Trur på russisk reaksjon

Kaldager får støtte frå redaktør Kjetil Stormark i Aldrimer.no. Han er spent på korleis Russland kjem til å svare på det som skjedde laurdag.

Kjetil Stormark, redaktør i Aldrimer.no

Redaktør i Aldrimer.no, Kjetil Stormark, er spent på kva reaksjonar som kjem frå Russland i denne saka.

Foto: Mona Myklebust

– Det at PST undersøkte ein bag som tilhøyrde den russiske diplomaten, er i beste fall ei gråsone i forhold til Wien-konvensjonen, og vil kunne føre til ganske kritiske angrep frå russisk side, seier han.

Han trur difor denne saka kan bli ei belastning for forholdet mellom Noreg og Russland. Men sjølv om dette kan vere ei diplomatisk gråsone, har PST truleg sitt på det tørre når det gjeld det juridiske.

– PST var i sin fulle rett å slå til for å handtere og stanse det som var ei eventuell utlevering av statshemmelegheiter til framand makt, seier Stormark.

Utanriksdepartementet har så langt ikkje svart på våre førespurnader.

AKTUELT NÅ