Hopp til innhold

Trine Skei Grande har isolert seg heime – Eg er oppriktig redd for sjukdommen

Trine Skei Grande sette viktigheita av partileiardebatten i perspektiv ved å fortelje om si eiga frykt for koronaviruset.

Sjå Trine Skei Grande si openhjartige forklaring på kvifor ho sit heime under debatten.

Kven skal få pengar frå staten? Kor lenge er det berekraftig å ha strenge tiltak? Og skal vi få, eller må vi låne?

Torsdagens partileiardebatt var ein bukett av viktige spørsmål om koronaviruset.

Midt i sendinga valte Trine Skei Grande å dele opplysningar om sitt eiget sjukdomsbilde for å understreke alvoret i saka:

– Eg er oppriktig redd for denne sjukdommen, seier ho.


Venstreleiaren har tatt ut permisjon frå å møte på Stortinget for det ho er i risikogruppa, som betyr at ho lettare kan bli alvorleg sjuk av koronaviruset.

– Eg har ein immunsviktsjukdom, astma og diabetes, kort sagt eit sjukdomsbilde som gjer at eg ikkje burde vere ute blant folk no.

Partileiaren i Venstre understreka at det er slike som ho denne dugnaden handlar om.

– Det er veldig mange av oss som er utsett og det er viktig at folk har respekt for at for mange så er dette veldig skummelt, seier den avtroppande partileiaren i Venstre.

– Eg kvir meg for å gå ut

Grande seier at ho trur folk ikkje tenker over at også personar under 60 år, kan vere utsett for koronasmitte.

Folk bør tenke meir over at for enkelte grupper, er det å halde avstand, livsnødvendig, meiner partileiaren.

– Eg kvir meg for å gå ut. Folk klarer ikkje å halde avstand. Då eg gjekk ein tur på Ekeberg ein dag, kom folk for tett på, seier Grande.

Ho understrekar at du ikkje alltid ser på folk om dei er i risikosona:

– Dette er ikkje noko som synest på meg. Når du er ei jente på 20 år, så tenkjer du at bestemora di kan bli ramma av korona, men ikkje den som går forbi deg på gata, seier Grande før ho understrekar bodskapen:

– For meg er dette farleg. Det må folk ha litt toleranse for.

Direktesendt debattprogram med programleder Fredrik Solvang.

Sjå debatten her.

Vil hjelpe bedrifter med å dekkje utgifter

Under debatten diskuterte partileiarane korleis dei vil hjelpe norske bedrifter som har blitt tvungne til å stenge med å dekkje faste utgifter.

Det er nemleg mange som sit igjen med store utgifter trass i at dei har permittert tilsette og gjort andre tiltak for å kutte kostnadar.

Tiltaka som Stortinget har kome med om nedsett skatt, redusert arbeidsgivaravgift og billige lån hjelper berre delvis på problema for fleire.

I morgon håper mange at regjeringa vil kome desse bedriftene i møte.

I Danmark er det allereie vedtatt ei ordning som gjer at bedrifter som har fått ordrar om å stengje kan få kompensert opp til 100 prosent av de faste kostnadene sine frå staten.

Opposisjonen meiner regjeringa i morgon bør kome med tiltak som i større grad sikrar dei desse bedriftene.

­– Tanken er jo den at når du over natta beordrar nokon til å stenge verksemda sin, for eksempel frisørar, som ikkje har gjort noko gale, så må dei få støtte, seier Jonas Gahr Støre, og understrekar:

– Vi har ikkje råd til å miste desse folka. Dei som er tvungne til å stenge dei må vi hjelpe og dei som har fått dramatisk omsetningsfall, dei må vi hjelpe.

A_MQE_B3Z0M

PEIKER PÅ DANMARK: Jonas Gahr Støre meiner Regjeringa må dekke norske løpande utgifter for bedrifter som står utan inntekter, som Danmark allereie har gjort.

Foto: Vidar Ruud

Erna Solberg vil ikkje svare i detalj på kor lik tiltakspakken som kjem i morgon vil vere den danske, men understrekar at dei jobbar med å finne gode løysningar på desse spørsmåla.

– Det er kjent at vi kjem med tiltak av denne typen i morgon. Vi er opptatt av å lage ei norsk ordning som passar for vårt samfunn, seier statsministeren.

Erna Solberg

VIL IKKJE HA LOVPÅLAGDE KUTT I LEIGEPRISAR: Statsminister Erna Solberg vil ikkje bruke lovar og reglar for å kutte leigeprisane.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Raudt vil tvinge ned husleiga

Raudtleiar Bjørnar Moxnes meiner regjeringa bør bruke nødparagrafen i husleigelova for å hjelpe både bedrifter og privatpersonar.

SV sin finanspolitiske talsperson på Stortinget, Kari Elisabeth Kaski, har og uttalt til Aftenposten at ein bør vurdere å pålegge utleigarar å kutte i leigeprisane.

– Den nedsette husleiga bør verkeleg «monne», mange bedrifter treng å få dekka utgiftene dei har tapt, samtidig må ikkje pengane gå til å fylle opp kontoane til eigedomsbaronar. Derfor ønskjer vi å halvere husleiga til både bedrifter og privatpersonar, seier Moxnes.

FUiN3zTV3UM

VIL TVINGE LEIGEPRISANE NED: Bjørnar Moxnes (R) vil tvinge huseigarar til å halvere leigeprisane for bedrifter og privatpersonar.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Gjennom nødparagrafen (§ 4-6) kan regjeringa kutte husleiga for privatpersonar og bedrifter.

Paragrafen lyd slik:

«Dersom forholda gjer det nødvendig, kan Kongen for bestemte periodar, bestemte område eller bestemte leigeforhold fastsette leigestopp og maksimalsatsar for leige. Kongen kan og gje forskrifter om kva som skal reknast som gjengs leie.»

Erna Solberg meiner det er i utleigarar sin interesse å behalde leigetakarane sine gjennom krisa og at det derfor ikkje er nødvendig med lovar og reglar for å kutte i leigeprisar

– Utleigarar ønskjer å ha bedriftene der i framtida og derfor bør dei inngå i eit samarbeid, men eg trur ikkje at å gå inn med statleg enkeltregulering på denne utfordringa er løysninga, seier ho.

twulvCVlJ9A

MEINER STUDENTANE VERT DISKRIMINERT: Partileiar i MDG, Une Bastholm.

Foto: Vidar Ruud / NPK

Bastholm: – Svært diskriminerande

Regjeringa vil fredag legge fram ein eigen krisepakke til studentar. Kunnskapsdepartementet kunne allereie torsdag fortelje at studentane mellom anna vil få utbetalt stipendet for heile vårsemesteret 15. april, i tillegg at det blir mogleg å ta opp ekstra lån opptil 26.000 kroner.

Det meiner fleire likevel ikkje er nok. Une Bastholm, leiar i MDG er ein av dei:

– Dei er i denne samanhengen arbeidstakarar og eg meiner det er svært diskriminerande mot ei gruppe arbeidstakarar, som i denne samanhengen og er studentar, seier ho.

Bastholm peiker på at det ikkje berre er 19 åringar som skal ha litt ekstra pengar som jobbar ved sidan av studia og at fleire studentar tener over 75.000 som er minstekravet for dagpengar.

– Eg synest det som har kome av signal frå regjeringa er veldig skuffande og noko som MDG ikkje kan støtte i stortinget, seier Bastholm.

Kjell Ingolf Ropstad (KrF) og Trine Skei Grande (V) peiker begge på at Nav sine system allereie er sprengde og at dei derfor meiner det er best å hjelpe studentane gjennom Lånekassen.

– Nav er overbelasta og derfor har vi laga dette systemet denne gangen og så får vi sjå kor lenge dette varer og kva konsekvensar det får for oss og studentane sin økonomi, seier Grande.

– Men kvifor får ikkje studentar som jobbar pengar på lik linje med andre arbeidstakarar?

– Mange av dei andre krisepakkane som er lagt fram er og lån. No prøvar vi å hjelpe studentane gjennom likviditetskrisa og så må vi sjå på korleis vi skal løyse problemet om det held fram som i dag, seier Grande.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger