Hopp til innhold

Tommy Sharif sett fri i kveld

Den tidlegare dekkongen Tommy Sharif og broren er sleppt fri, melder TV2. Sharif og broren vart arrestert tysdag kveld, sikta for grov unndraging frå konkursbua sine og skattesvik.

Tommy Sharif

Politiet arresterte Tommy Sharif og broren på tysdag og sikta dei for grov unndraging frå konkursbua sine.

Foto: Falch, Knut / NTB scanpix

– Tommy Sharif vart i kveld sleppt fri og har forlate Romerike politidistrikt, seier hans advokat Sol Elden til TV2.

Ho opplyser til kanalen at bror til Sharif er også sleppt fri, men ønsker ikkje å kommentere dette vidare.

Ifølgje NTB seier Elden at Sharif har sete i avhøyr onsdag føremiddag, og har vore oppteken av å svare på spørsmåla som politiet har hatt.

Ifølgje ei kjenning har Sharif overført vel 2,9 millionar kroner frå fleire av selskapa sine til seg sjølv. Pengane skal ikkje ha blitt rapportert til skattestyresmaktene.

Ifølgje politiadvokat Charlotte Visdal Benneche har dei fått fleire tips frå publikum.

– Vi jobbar no vidare med det vi reknar vert ei omfattande etterforsking i samarbeid med Skatt Aust, seier Benneche ifølgje ei pressemelding frå Romerike politidistrikt.

Arrestert på tysdag

Politiet gjekk til aksjon mot minst tre adresser knytt til den tidlegare dekkongen Tommy Sharif. Tommy Sharif vart arrestert og sikta for grov unndraging frå konkursbua sine.

Politiet fortel til NRK at dei har beslaglagt «ein større sum pengar». Dei må telje pengane før dei veit kor mykje det er snakk om.

Politiet undersøker lokalene til dekkfirmaet Sharif

Politiet undersøkjer lokala til dekkfirmaet Sharif på tysdag.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Broren også arrestert

Også Tommy Sharif sin bror vart arrestert i aksjonen. Politiadvokat Charlotte Benneche fortel til NRK at han vart arrestert på grunn av funn dei gjorde under ransakinga.

Førebels er han sikta for heleri, men politiet ser ikkje bort frå at siktinga vert utvida.

– Etterforskinga har avdekka at det er grunn til å mistenke han, seier Benneche.

AKTUELT NÅ