Hopp til innhold

Tok Skårderud i forsvar – no beklagar han

Psykolog Karl Eldar Evang støtta opp om tidlegare psykiater Finn Skårderud. No har han snudd og ber om obligatorisk kollega-samtalar for psykiatrar og psykologar.

Karl Eldar Evang

ETTERLYSER SJØLVGRANSKING: – Beklaginga mi går til varslarane, seier psykolog Karl Eldar Evang. Han var ein av dei som forsvarte Skårderud mot kritikk i 2015.

Foto: Privat

– Eg vil beklage for mitt altfor bastante forsvar for Finn Skårderud sitt virke, den gongen i 2015. Sjølv om eg ikkje hadde heile biletet, var det uklokt av meg, seier psykolog Karl Eldar Evang til NRK.

Sist fredag vart det klart at Finn Skårderud mista autorisasjonen etter fleire varsel frå tidlegare pasientar.

Skårderud har gjennom advokat Halvard Helle varsla at avgjerda blir klaga inn for Helsepersonellnemnda.

Men allereie i 2015 gjekk debatten om Skårderud si behandling og metode, etter at dåverande debattredaktør Hilde Sandvik i Bergens Tidende råda pasientar til å slutte hjå Skårderud.

Finn Skårderud på sitt kontor Tatt 26-08-2014

MISTA AUTORISASJON: Sist fredag vart det klart at Finn Skårderud mista autorisasjonen etter fleire varsel frå tidlegare pasientar.

Foto: Aftenposten

Psykolog Karl Eldar Evang forsvarte den gong Skårderud, etter det han kalla «ei svært alvorleg skulding».

No beklagar han:

– Beklaginga går til varslarane.

Psykologen har også teke avstand frå tidlegare forsvar av Skårderud i eit innlegg på si eiga Facebook-side.

– Eg hadde ikkje dagens informasjon om varsel, og debatten hadde eit anna fokus (ei skulding mot Skårderud om romantisering av eteforstyrringar), men eg landa altfor kategorisk og skråsikker i mi sak, skreiv Evang på Facebook kort tid etter autorisasjonen til Skårderud blei trekt.

Karl Eldar Evang skriv på Facebook: Om Finn Skårderud-saken. Jeg vil gi mye respekt til Hilde Rød-Larsen, som ved sitt varsel og sin utholdenhet i offentligheten gjennom et langt år, kanskje mer, har åpnet for at andre varslere har kunnet komme fram! 
Det gikk en annen debatt i 2015, initiert av Hilde Sandvik, som jeg den gangen deltok aktivt i. Jeg driver og tenker gjennom min rolle den gangen. Jeg hadde ikke dagens informasjon om varsler, og debatten hadde et annet fokus ( en anklage mot Skårderud om romantisering av spiseforstyrrelser), men jeg landet altfor kategorisk og skråsikker i min sak. Det er vanskelig å tenke på at det kan ha bidratt til å stanse at mer kom fram som burde tas et oppgjør med. At varslere kan ha holdt seg tilbake. Det er mye å tenke gjennom.

Karl Eldar Evang gjekk i helga ut og takka varslaren Hilde Rød-Larsen for å stå fram, og dåverande debattredaktør i Bergens Tidende, Hilde Sandvik, for å heve debatten om Finn Skårderud.

Foto: Skjermdump frå Facebook

Dagbladet har tidlegare omtala Facebook-innlegget.

– Svært vanskeleg å seie ifrå

Victoria Nordberg, ein av varslarane mot Skårderud, var redd for at ho aldri ville tørre å fortelje om sine opplevingar igjen.

– Det var allereie svært vanskeleg å seie frå om ein så sterk person i det norske samfunnet, ein person som behandlar hadde mykje makt over meg. Mellom anna Evang gjorde det nærast umogleg å tørre å seie frå igjen, seier Nordberg.

Les også Vars­larar vart høyrde: – Dette skjer ikkje ein dag for tidleg

Finn Skårderud

Ho var Skårderuds pasient i over 20 år, og varsla i fjor om rolleblanding og manglande oppfølging, behandling og dessutan journalføring.

Peikar på skeivt maktforhold

I sitt varsel peikar ho på den manglande forståinga til psykiateren av skiljet mellom det private og det profesjonelle.

Victoria Nordberg

Victoria Nordberg var ein av dei som varsla mot psykiater Finn Skårderud. Ho fortel at ho var redd for at ho aldri ville tørre å fortelja om sine opplevingar igjen etter at ho såg kor hardt Hilde Sandvik vart parkert i kritikken sin av Skårderud tilbake i 2015.

Foto: Cicilie S. Andersen / NRK

– I 2015 var eg 30 år. Hadde debatten fått halda fram då, og nokon hadde teke ansvar for å saumfara Skårderuds arbeidet og metodane hans, faktisk sjekka opp det Hilde Sandvik skreiv om, så kunne eg, og fleire med meg, kanskje fått hjelp allereie då, til å komma meg bort frå han, seier Nordberg.

– Det at det fekk gå 7–8 år til før nokon endeleg reagerte, det er vondt å kjenna på, legg ho til.

– Som varslar mot helsepersonell står ein allereie i eit skeivt maktforhold. Varslaren er den svakaste part, og det er nok difor ofte lett at tilsynsstyresmaktene og andre legg meir vekt på det helsepersonellet seier. Denne saka har vist at det har vore systemsvikt på fleire område.

Får støtte av psykiatriforening

Leiaren i Norsk psykiatrisk foreining (NPF), Lars Lien, meiner debatten i 2015 viser kor vanskeleg det kan vere å stå fram som varslar.

– Dessutan har Skårderud vore ei stor stjerne på sitt felt, og blei nok difor av mange oppfatta som ufeilbarleg, seier Lien.

Han påpeikar at tilbaketrekking av autorisasjonen er ein sterk reaksjon.

– At Skårderud var ein respektert psykiater, vil nok gjere at mange oppfattar det som strengt. På den andre sida er det summen av grenseoverskridingar og mangelfull behandling, så langt NPF kjenner til, som til slutt feller han, seier Lien.

Lars Lien er psykiatier og faglig rådgiver for Nasjonal kompetansetjeneste for samtidig rusmisbruk og psykisk lidelse (NKROP). Han har kort grått hår, lys hud og mørke øyne. På bildet ser man ham fra brystet og opp. Han har på seg en mørkeblå skjorte med grå t-skjorte under og ser rett i kameraet.

Lars Lien er leiar i Norsk psykiatrisk foreining.

Foto: Thomas B Eckhoff / Den norske legeforening

I haust sette NPF ned eit utval som skal sjå på kva dei burde gjere for å redusere talet på uynskte hendingar. Lien meiner at førebygging er det aller viktigaste.

– Vi må halde fram med å arbeide kontinuerleg med ferske legar, mellom anna dei som skal bli psykiatrar. Så må vi alle kunne varsle når vi oppdagar at kollegaer ikkje fylgjer opp pasientar som forventa, eller er grenseoverskridande, seier Lien.

Kritisk Skårderud-advokat

Etter sju varsel i Skårderud-saka konkluderte Helsetilsynet med brot på det som er fagleg forsvarleg, og peika mellom anna på rolleblanding.

Les også Vars­larar vart høyrde: – Dette skjer ikkje ein dag for tidleg

Finn Skårderud

– Sakene viser at du i møte med pasientane ikkje klarer å vere empatisk med emosjonell varme, utan at du også blir privat og viskar ut di rolle som lege, skriv Helsetilsynet til psykiateren.

Skårderuds advokat, Halvard Helle, har kritisert Helsetilsynets arbeid.

– Avgjerda byggjer nærast slavisk på vurderingane frå dei to sakkunnige. Psykiateren kritiserast faktisk for at han har vore kritisk til deira vurderingar og konklusjonar, sa han til NRK då konklusjonen frå tilsynet kom.

Helle ønsker ikkje å kommentere denne saka konkret.

Etterlyser sjølvgransking

Men psykolog Karl Eldar Evang tar no til orde for sjølvgransking i heile fagmiljøet.

– Dette med overtramp er ikkje nytt. Kunnskap om kva som er «rett» blir utfordra i livet som terapeut, i møte med nye pasientar og utvikling i eige liv. Men vi må tørre å snakke om det, seier Evang.

Han ynskjer større forståing for at dei fleste terapeutar hamnar i situasjonar som burde kunne snakkast om med kollegaer.

Om kollegaer er tause overfor kvarandre, hindrar det lærdom frå moglege tvilstilfelle, meiner Evang. Særleg om dei får utvikle seg over tid.

– Når det fyrst blir ein halvprivat relasjon, då er ein ille ute viss ein ikkje tar tak i det.

Eitt av tiltaka som kan bli sett inn for psykologar og psykiatrar, er obligatorisk rettleiing. Med høgare aksept for at tvilstilfella finst, håpar han det blir enklare å handtere dei.

– Som behandlar burde ein utføre kontroll med kvarandre. Anten aleine eller i gruppe. Å berre jobbe for seg sjølv, som suveren, er farleg, seier Evang.

AKTUELT NÅ