Hopp til innhold

Togpassasjer (70) stoppa av Breivik

Sju dagar før den 22.juli nekta Anders Behring Breivik ein eldre passasjer å gå av toget, etter ein politisk diskusjon mellom dei to. Deretter gav Breivik mannen ein lapp med telefonnummeret sitt.

Tog mellom Hamar og Elverum

Då Anders Behring Breivik tok toget til Oslo for å henta bombebilen den 15.juli, blei han så engasjert i ein politisk diskusjon med ein eldre medpassasjer at han hindra mannen i å gå av på Elverum stasjon.

Foto: Frode Meskau (montasje) / NRK

Ein mann i 70-åra har i avhøyr med politiet forklart at han blei kontakta av Anders Behring Breivik på ein togtur frå Rena stasjon den 15.juli.

Breivik omtalar denne togturen i manifestet sitt, der han fortel at målet med reisa var å henta leigebilen som han skulle frakta kunstgjødselbomba i til Regjeringskvartalet i Oslo sentrum.

Oppfatta Breivik som farleg

NRK kjenner til innhaldet i politiet sitt avhøyr med togpassasjeren. Mannen fortel at Breivik tok tak i kleda hans og hindra han i å gå av toget. Før den eldre mannen omsider fekk gå av, gav Breivik han ein lapp med e-post-adressa si og telefonnummeret sitt på.

Breivik var kledd i beige dress og skjorte, og såg ut som ein forretningsmann, ifølgje vitnet. Breivik inviterte pensjonisten til å sitja ved sida av seg på toget, for så å innleia ein politisk samtale med mannen.

– Han oppfatta meg vel som ein interessant person som han kunne snakka med, seier mannen til NRK.

Samtalen mellom dei to utvikla seg til ein tung diskusjon, der Breivik snakka mykje om faren for islam, og om å ta muslimane. Då mannen gav uttrykk for motstridande synspunkt, skal Breivik ha kalla mannen ein kommunist.

Breiviks lapp fra toget

Dette er lappen som Anders Behring Breivik skreiv og gav til togpassasjereren.

– Det var mykje hat i han

Breivik sa også til mannen at han budde på ein gard på Rena. Det han ikkje sa, var at denne garden var eit skalkeskjul for å kunne produsera den 900 kilo tunge kunstgjødselbomba som han sprengde i Regjeringskvartalet 22.juli.

Han sa heller ikkje at han var på veg til Oslo for å henta ein leigebil, ein kvit Volkswagen Crafter varebil, som skulle brukast som bombebil terrordagen.

Togpassasjeren opplevde først «guten» som hyggjeleg og klok, men reagerte etterkvart på dei ekstreme synspunkta og ordbruken hans. Han oppfatta Breivik som ein fordomsfull og kristeleg, høgrevridd fanatikar.

Mannen fortel til NRK at det var eit ubehageleg møte, og at han oppfatta Breivik som ein fordomsfull og farleg person.

– Det var mykje hat i han. Det er det kaldaste menneske eg nokosinne har møtt. Eg fekk med ein gong kjensla av at det var noko gale med han, seier mannen.

Breivik gav telefonnummeret

Etter å ha snakka med Breivik i 21 minutt skulle den pensjonerte mannen av på Elverum stasjon. Men Breivik tok tak i han, heldt han fast i jakka eller skjorta og hindra mannen i å gå av på rett stopp.

Då konduktøren på toget like etterpå passerte i midtgangen, tok mannen kontakt med han og fekk til svar at han måtte gå av på neste stasjon og ta toget tilbake til haldeplassen sin.

På veg mot utgangen fekk han ein lapp frå Breivik, med den terrorsikta si e-post-adresse og telefonnummer. All kontaktinformasjonen var riktig.

– Han tok tak i meg, gav meg lappen og bad meg ringja han slik at me kunne fortsetja diskusjonen, fortel 70-åringen.

I avhøyret skildrar mannen også Breivik som ein intens og farleg person, særleg på grunn av episoden som fann stad då mannen sa farvel og skulle gå av toget.

Skildringa står i kontrast til det biletet som vener og halvsystera til Breivik så langt har måla av terroristen, som ein stille, inneslutta person som aldri blei oppfatta som aggressiv, sint eller valdeleg.

Breivik forlater bombebilen i Regjeringskvartalet

Her går Anders Behring Breivik ut av bombebilen i Regjeringskvartalen ettermiddagen 22.juli. Det var denne leigebilen han var på veg til Oslo for å henta då han kom i snakk med 70-åringen på toget.

Foto: Overvåkingskamera

Kjende att Breivik på TV etter terroren

Mannen på toget skal i ettertid ha fortalt andre om hendinga, Han var irritert på Breivik, og sa det var utruleg at han ikkje var sperra inne og at det var «noko brennande» inni denne personen.

Fleire gonger forsøkte han å ringja telefonnummeret på lappen. Men mannen mistolka fleire siffer, og greidde ikkje å koma i kontakt med Breivik. Til politiet har mannen forklart at han ringde i håp om å få Breivik til å endra meining.

Søndagen etter terrorhandlingane, ni dagar etter møtet med Breivik på toget, såg mannen bilete av gjerningsmannen på fjernsynet.

Han fann deretter fram pengepungen sin der han hadde lagt lappen frå Breivik. Namnet, som var skrive med blokkbokstavar, stadfesta at det var snakk om same person. Då kontakta 70-åringen politiet.

– Eg fekk sjokk og kunne ikkje tru at det var den same ubehagelege personen som eg hadde møtt på toget. I ettertid har eg vore mykje plaga av tanken på kva som kunne vore ugjort dersom eg hadde varsla politiet om Breivik før den 22.juli, seier pensjonisten.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger